Kielland som melodramatikar
Jan Inge Sørbø
Alexander L. Kielland (1849-1906) skapte ei realistisk romanform som ettertida har sett på som mønstergyldig for realismen i 1880-åra – ein kombinasjon av elegante formuleringar, skarpe observasjonar og politisk tendens som framleis gjer inntrykk. Men kva ligg i omgrepet ”realisme”? Og er ikkje realismens meisterforfattar, Alexander L. Kielland, eigentleg melodramatikar?
Personane hos Kielland avslører seg i avgjerande scenar som utvitydig gode eller vonde, dei døyr i affekt eller blir offer for usannsynlege samantreff. Situasjonar og lagnader er konstruert slik at dei skal gjera maksimalt inntrykk på lesaren: Uskuldige barn eller kvinner går til grunne, medan vondsinna maktmenneske i samfunnet triumferer.
Romanane hans er spenningsfylte, dei rommar kritikk av kollektive institusjonar, og ei stor tru på det sannferdige individet.
Sørbø freistar å kartleggja dette melodramatiske mønsteret med utgangspunkt i debutromanen Garman & Worse og fylgjer opp med analysar av Arbeidsfolk, Gift, Sankt Hans fest og Jacob. Han peikar også på korleis dette mønsteret er mest tydeleg i dei første bøkene, medan dei siste endrar seg meir i retning av det satiriske. Kanskje var Kielland aller best når han var melodramatisk?
DocumentType = "Enkel katalogtekst"
Jan Inge Sørbø (f. 1954) er professor ved Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda. Han har utgitt ei rekke bøker, både sakprosa og skjønnlitteratur.
Pegasus – Gyldendals forfattarskapsstudiar
Gyldendals Pegasus-serie presenterer engasjerte og lærde studiar av sentrale norske forfattarskap. Verka til forfattaren vil stå i sentrum i denne serien, men forfattaren sjølv blir ikkje på noko vis sett i parentes. Det er forfattarsignaturen som bind saman dei ulike verka i ein forfattarskap. Å leite etter dei særmerkte estetiske, tematiske og idéhistoriske linjene i forfattarskapen vil vere eit viktig føremål i denne serien, som rettar seg både mot det utrøyttelege fagmennesket og den nysgjerrige lystlesaren.
Pegasus er symbol for den inspirerte diktekunsten. I den antikke segntradisjonen var Pegasus hesten som på fjellet Helikon sparka fram kjelda i diktarinspirasjonen, og slik har førestellinga om vengehesten oppstått. Pegasus var avkom av Poseidon og Medusa, og blei fødd ut frå halsen til Medusa då hovudet hennar blei hogd av. Dette mørke opphavet kan minne oss om at diktekunsten har eit dramatisk og temperamentsfullt utspring.

