176 sider
1. utgave
Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205385238
Sekstimarsdagen
- den neste store velferdsreforma?
Magnhild Folkvord, Ebba Wergeland
Økonomane seier det er mogeleg. Mannfolk som har prøvd sekstimarsdagen, er glade for å få meir tid til ungar, husarbeid, trening og friluftsliv. Kvinner har drøymt om sekstimarsdagen i fleire tiår.
Kan den også vera eit steg i rett lei for å bremsa det materielle overforbruket som trugar klima og miljø?
Kvifor kan ein ikkje venta at sekstimarsdagen skal føra til at sjukefråværet går ned?
Denne boka gir ikkje alle svara. Men den gir den første samla framstillinga av dei forsøka som er gjort med sekstimarsdag i Noreg dei siste åra. I tillegg gir den eit oversyn over svenske forsøk, og fortel om kampen om arbeidstida i eit historisk perspektiv.

