7510 Offentleglova
Formålet med lova er å leggje til rette for at offentleg verksemd er openog gjennomsiktig, for slik å styrkje informasjons- og ytringsfridommen, dendemokratiske deltakinga, rettstryggleiken for den enkelte, tilliten til detoffentlege og kontrollen frå ålmenta. Lova skal òg leggje til rette forvidarebruk av offentleg informasjon.
Lova gjeld for
a) staten, fylkeskommunane og kommunane,
b) andre rettssubjekt i saker der dei gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift,
c) sjølvstendige rettssubjekt der stat, fylkeskommune eller kommune direkteeller indirekte har ein eigardel som gir meir enn halvparten av røystene idet øvste organet i rettssubjektet, og
d) sjølvstendige rettssubjekt der stat, fylkeskommune eller kommune direkteeller indirekte har rett til å velje meir enn halvparten av medlemmenemed røysterett i det øvste organet i rettssubjektet.
Ikrafttredelse: 01.01.2009
Sist endret: 19.05.2006 nr. 16
Publikasjonstype: Lov

