Eg treng tid til å sakna deg
Charlotte Riise
Storesyster forsvinn. Attende sit veslesystera med sakn, sorg, minner. Eg treng tid til å sakna deg handlar om syskenkjærleik, men òg om kjærleik i andre former og relasjonar. Det handlar om å leve gjennom minnet om systera, i ein sorgtilstand der trivielle ting får eksistensiell storleik. Det handlar om tid, om å oppleve at skiljet mellom fortid og notid opphøyrer, at minnebilete og notidshendingar blir like nære og reelle.
Charlotte Riise sine dikt spenner frå det ordknappe og poetisk konsentrerte til det meir prosanært forteljande. Eg treng tid til å sakna deg kan lesast både som ei samling dikt og som ei fragmentert forteljing.
"Sterke debutantdikt som arbeidar med å gi tapet form."
Sindre Ekrheim, Bergens Tidende
"Riise skriv sakleg og neddempa, nake og klisjéfritt. Det er ei bok med fleire lag. Først les vi frå byrjing til slutt. Etterpå blir vi sitjande og bla tilbake for å følgje trådane på kryss og tvers, nøste dei opp så godt vi greier. Til sist ser vi at trådane også gjeld oss sjølve, og at det er difor vi er blitt som vi er."
Tore Elias Hoel, Dag og Tid
"Dette er en modnet og modig debut, en sterk historie, som på sitt beste slår ut i fine lyriske bilder."
Eirik Lodén, Stavanger Aftenblad

