Der har vi deg, ja
Runar Dahle
I Der har vi deg, ja møter vi ei rekkje karakterar midt i den turbulensen som kallast livet. Ein mann ventar på taxien sin og må til slutt gå han i møte. Ei eldre kvinne spaserer langs bilvegen og vil komme seg heim. I novella «3. person» ligg ein fjerde person og lurar i kulissane, det meiner i alle fall hovudpersonen, som begynner å spionere på kona si for å finne ut om det er hald i mistanken. Vi møter menneske som prøver å gå kvarandre i møte, men som går for langt. Nokon er overarbeidde, andre løfter ikkje ein finger. Det handlar om omvegar og snarvegar, om blindvegar og utvegar. Om menneske som møter seg sjølv i døra, eller vel å hoppe ut vindauget i staden.
Anmelderne mener:
"Dirrende debut - fandenivoldsk og poetisk novellist" - Silje Stavrum Norevik, Bergens Tidende
"Med komprimerte, verknadsfulle grep skaper han djupn og breidd." Ingvild Bræin, Dag og Tid
"Flotte og merkverdige noveller med et hav av undertekst." Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad

