Når livet i heimen er like farleg som pandemien

Når livet i heimen er like farleg som pandemien

Av Margrete Aadnanes
Margrete Aadnanes. Foto: Sonja Balci

“Eg kan hugse at han låste meg inn i eit mørkt rom som treåring. Det har ført til mykje frykt seinare. Fordi det blei nesten eit traume å bli låst inn i eit mørkt rom når du var liten».

Dette sitatet er henta frå eit intervju med ein av dei unge vaksne eg snakka med i studien min om barn og unge som har opplevd vold i nære relasjonar [i].Jenta som sa dette, hadde vakse opp med ein svært voldeleg far, som sjølv var alvorleg sjuk og hadde opplevd omsorgssvikt. Nora, som eg har kalla henne, levde i konstant frykt for farens vold. Men ho gjekk på skulen, og sjølv om det tok tid før ho fekk hjelp, var det til sist nokon som fanga opp at det var noko gale heime hos Nora.

Noreg har i fleire veker vore i unntakstilstand. Skulane og barnehagane har vore stengde. Dei vaksne som til vanleg ser barna omtrent like mykje som foreldra, ser ikkje barna lenger. Dei mange Nora’ene der ute er innesperra i mørke rom av utryggheit.

Folk som arbeider i barnevernsfeltet kjenner i desse dagar på stor bekymring for barn som lever i heimar prega av sviktande omsorg, rus, vold og overgrep. Det farlegaste for desse barna er kanskje ikkje koronaviruset, men det at denne pandemien har sperra dei inne med vaksne som ikkje klarar å ta vare på dei. I starten av nedstenginga kom det nyhende om at folk hamstra på polet. Dette er ikkje gode nyhende for barn i sårbare familiar. Mange barn opplever å bli neglisjert av foreldre som drikk; dei må klare seg sjølve, lage sin eigen frukost, lunsj og middag, kanskje må dei passe småsøsken. Forsking viser at mangel på omsorg er noko av det verste for barn, det er noko av det som set dei djupaste spora – og det var det mange unge i min studie som sa. Nokre foreldre som drikk blir også voldelege. Mange av dei unge eg snakka med sa at det eigentleg ikkje var dei fysiske slaga som var verst, det var orda som fall då dei blei slått. Å bli kalla nedsetjande, stygge ting, å bli skjelt ut når dei eigentleg trong trøyst og omsorg, å bli teken vare på. Med andre ord var det den emosjonelle og psykiske volden som var den verste.

«Viss eg hadde kome heim frå skulen først, kunne ho kome heim og eksplodere fordi det var for varmt eller for kaldt i huset. Og for at det var brødsmular på bordet, og då var heile resten av dagen øydelagt. For då berre gjekk ho og smelte med dører og ropte og skreik, og eg måtte gøyme meg på rommet.»

Jenta som fortalde dette, har eg kalla Ingrid. Mora til Ingrid hadde store psykiske problem. Det viste ikkje så godt på utsida at mora til Ingrid ikkje gav henne den omsorg og kjærleik ho trengte, og at ho i staden fekk henne til å føle seg åleine og uelska.

Barn som lever i slike omsorgssituasjonar er ekstremt sårbare no. Det sit mange Nora’er og Ingrid’er i norske heimar som er redde og har det vondt i dagens koronasituasjon. Fagfolk i barnevernsfeltet bekymrar seg veldig. Lærarar som ikkje får kontakt med elevar bekymrar seg. Barneombodet bekymrar seg. Barne- og familieministeren bekymrar seg. Direktøren i Bufdir bekymrar seg. Heldigvis. Det er oppløftande at det har blitt sett søkjelys på dei sårbare barna i denne krisa. At media løftar dette temaet fram. Og det var svært viktig at barnevernstilsette fekk status som personell med samfunnskritisk funksjon.

Det norske barnevernet har eit stort ansvar i normale tider. Barnevernslova § 1-1 stadfestar at barnevernet skal sikre at alle barn som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, skal få nødvendig omsorg til rett tid. Til vanleg består det aller meste av barnevernet sitt arbeid i førebygging, veiledning av foreldre og barn og tiltak for å betre barn sin omsorgssituasjon heime. I desse krisetider, i den unormale tilstanden samfunnet vårt er i i dag, blir barnevernet sitt ansvar livsviktig. Barnevernet kan hjelpe dei barna som er innestengt i skadelege og kanskje farlege situasjonar. Men for at barnevernet skal kunne gripe inn er det avhengig av informasjon frå barnet sine omgivnader Dei som vanlegvis ser barna kvar dag – lærarar, barnehagetilsette, trenarar, legar osv. – er forhindra i å sjå barna no. Dei barna som barnevernet ikkje kjenner frå før er særleg vanskelege å nå fram til. Dei er ikkje lette å sjå.

Fagleg kunnskap om kva konsekvensar det kan ha for barn å oppleve vold og omsorgssvikt er nærmast for allmennkunnskap å rekne i det norske samfunnet i dag. Noreg har i mange år løfta barn sine rettar høgt, og barnevernet som samfunnsinstitusjon er eit prov på dette. Vold mot barn og unge i nære relasjonar har lenge stått på den politiske agendaen, og det er lagt ned mykje ressursar og stor innsats i å førebyggje og bekjempe dette. Me veit også at risikoen for å oppleve vold i nære relasjonar er nært knytt til levekår. Om du er barn i ein familie med dårleg økonomi, og der foreldra har rusproblem og/eller psykiske helseplager, er det høg risiko for å oppleve vold. I desse koronatider er barn om mogleg enda meir prisgitt familien dei er ein del av, og familien sin livssituasjon. Vold og omsorgssvikt rammar mange barn i familiar som strevar med sosiale problem, og denne livssituasjonen blir forsterka og forverra no. Folk blir permitterte, og foreldre og barn må vere heime saman heile døgnet. Dette skaper svært utrygge situasjonar for dei barna som allereie er sårbare.

Det er samstundes viktig å understreke at det er ikkje berre barn i marginaliserte familiar som er sårbare. Barnevernet strevar også med å nå fram til dei barna som opplever vold og omsorgssvikt i familiar der foreldra har høg sosial status og gode materielle og sosioøkonomiske kår. Desse barna er også ekstra sårbare no. Også dei er heime med foreldre som ikkje maktar omsorgsoppåvene sine, som tyr til rusen for å dempe sine eigne plager og som sviktar omsorga for barna sine. Koronaviruset diskriminerer ikkje, det kan ramme oss alle. Det same kan vold i nære relasjonar. Det at me alle no er heime som del av smittevernet forsterkar risikoen for å oppleve vold i nære relasjonar, særleg i dei familiane som allereie er utsette.

Hjelpeinstansar for barn og familiar som lever med vold og omsorgssvikt har dei siste vekene vore stengde eller hatt redusert tilgjengelegheit. Heldigvis har ikkje barnevernet stengt. Men det er grunn til å frykte ei auke i bekymringsmeldingar og akutte situasjonar i kjølvatnet av koronakrisa. Sjukehusa melder at dei ikkje har fått inn barn og unge med uforklarlege sår og blåmerke etter at skular og barnehagar stengde. Under andre omstende hadde dette kanskje vore positive nyhende – men i denne unntakstilstanden veit me at det er svært bekymringsfult. Det betyr at det er mange barn som vanlegvis kunne fått hjelp, som me ikkje får vite om og som me ikkje når fram til med hjelp.

Det var svært viktig at barnevernet i ei tidleg fase av koronakrisa blei definert som samfunnskritisk institusjon. Men barnevernet kan ikkje hjelpe dei barna ingen ser. Me kan nok alle kjenne eit ubehag ved å ta steget og gjere noko for eit barn me er bekymra for. Eg vonar at me alle har litt ekstra å gi i desse tider. Barna som treng å bli sett er ute av syne no, men me må passe på at dei ikkje blir ute av sinn. Sjølv om me lukkar oss inne og distanserer oss fysisk til kvarandre, kan me opne blikket vårt. Me kan sjå godt etter, høyre godt etter, opne andre kanalar og vere nær i sinnet, hjartet og ikkje minst digitalt. Me kan sende ei melding med viktige nummer til eleven i klassen me er redd for, me kan ringe ei mor me veit strevar og spørje korleis det går. Me kan ringe barnebarn, tante- og onkelbarn, stikke hovudet ut av vindauget og spørje korleis det går med naboungen. Me må lytte til magefølelsen. Barnevernet treng alle si hjelp til å sjå dei barna som treng å bli sett no.

Viktige nummer for barn som har det vondt, eller voksne som er bekymra for eit barn:

  • Alarmtelefonen: 116 111
  • Barnevernet i din kommune, eller barnevernvakta viss det er etter kl. 16.00. Desse nummera finst på kommunen sine heimesider
  • Er det snakk om akutte bekymringar kan ein ringe politiet på 112, eller om ein vil spørje politiet til råds kan ein ringe 02800
  • Barn kan også ringe Røde Kors sin telefontjeneste for barn og unge, Kors på halsen: 800 333 21,
  • eller chatte med nokon på BaRsnakk, ein cahttetjeneste driven av organisasjonen for Barn av Rusmisbrukere: barnavrus.no

[i]Teksten byggjer på studien Vold mot barn og unge: Forståing, konseptualisering og sosialfaglege perspektiv, og boka Vold mot barn og unge – Barnevernfagleg kunnskap.

Margrete Aadnanes

Relaterte artikler

Fra uro til ro

Fra uro til ro

Visste du at Tore som sitter så urolig på stolen i klasserommet kanskje gjør det for å klare å følge med på hva du...
Skolevegring

Skolevegring

Den nye ryggsekken har stått klar siden i vår, matboksen er fylt og poden står og tripper på trappa. Eller kanskje...
Tre tips mot hverdagsuro

Tre tips mot hverdagsuro

Du våkner om morgenen og føler deg anspent i nakken. Dagen fortsetter med besøk fra tanker som gjør deg engstelig....
Å leve med usikkerhet

Å leve med usikkerhet

Når barn nå skal tilbake i barnehage og skole, utfordres vårt behov for kontroll. Men for at dugnaden skal virke er...