Kritisk sosialt arbeid Høyoppløst bilde
Papirbok
Utgivelsesår: 2005
284 sider
1. utgave
Bokmål/Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205325999

Kritisk sosialt arbeid

Å analysere i lys av teori og erfaringer

Denne boka tar opp tema som sosiale problem, sosial kapital, kritisk teori og kulturanalytisk perspektiv på sosialt arbeid.
Pris 569,00

Det er lagt vekt på å synleggjere kritisk sosialt arbeid gjennom å løfte fram sosialarbeidarens spesielle utfordringar i dagens fleirkulturelle og globaliserte samfunn.
Kritikk forutset grunnleggjande normer, standardar eller verdiar som kan skape ein legitim basis for kritikken. Kritisk tenking i sosialt arbeid handlar om systematisk å analysere fenomen i konkrete kontekstuelle og situasjonelle praksisar. Dette er eit alternativ til å føre ein teoretisk meir abstrakt kritikk der konsekvensane i forhold til praksis blir vanskelegare å identifisere.
Det å utvikle ansvarlege kunnskapsposisjonar for å kunne synleggjere situasjonen til sårbare grupper i samfunnet og å bidra til å forbetre deira situasjon, er sentralt i kritisk sosialt arbeid.