Konkurranserestriksjonar i arbeids- og næringsforhold Høyoppløst bilde
Papirbok
Utgivelsesår: 2020
336 sider
1. utgave
Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205506381

Konkurranserestriksjonar i arbeids- og næringsforhold

Konkurransefridom i næringslivet og mobilitet for arbeidstakarar på arbeidsmarknaden er verdiar som står sterkt i det norske samfunnet. Konkurransefridomen må likevel underleggast visse grenser i vel fungerande samfunn.
Pris 699,00

Bestill vurderingseksemplar

Konkurranserestriksjonar i arbeids- og næringsforhold gir ei grundig og samlande framstilling av ulike typar avtalebaserte innskrenkingar i konkurransefridomen, både i avtalar mellom arbeidsgivar og arbeidstakar og i avtalar mellom næringsdrivande.

Etter ein introduksjon til emnet i del I går boka i del II grundig inn på konkurranse-, kunde- og rekrutteringsklausular i arbeidsforhold, bindingstid i arbeidsforhold og reglane om karantene for politikarar, embets- og tenestemenn. Del III drøftar konkurranserestriksjonar i næringsforhold. Sentrale tema er avtalelova § 38, konkurranserestriksjonar i selskaps- og agenturforhold, konfidensialitets- og teiepliktklausular samt næringsservituttar og liknande klausular. Del IV omhandlar konkurranseklausular i konkurranseretten relatert til føretakssamanslutningar, horisontale og vertikale avtaler. Del V gir eit oversyn over reglar om handheving av og sanksjonar mot brot på ulike konkurranseklausular. Dette omfattar mellom anna reglar om bevissikring og bevisføring, arbeidsrettslege sanksjonar, forbod og mellombels åtgjerd samt monetære sanksjonar som avtalt konvensjonalbot, erstatning og krav om frålegging av vinning.

Produktet finnes også i følgende varianter
Pris