Inger Bråtveit

1978 -

Ung forfattar med brei journalistisk erfaring.

Inger Bråtveit vart fødd i 1978 i Bergen og vaks opp i Suldal. Etter endt idrettsgymnas i Sauda flytta ho til Nord
Noreg. Ho tok faget kulturjournalistikk ved Heimly Folkehøgskole, Forfatterskolen, og studerte etter det ved Universitetet i Tromsø, der ho arbeidde som kulturredaktør i Studentavisa Utropia 1999-2000. Bråtveit etablerte seinare den litterære møteplassen Nålauget, der ho sceneintervjua forfattarar. I Tromsø gjekk ho òg på Forfatterstudiet (2000-2001). Studieåret 2001/2002 studerte ho teatervitskap ved Universitet i Bergen. Bråtveit er bokmeldar i nettavisa Magsinett og redaktør av jubileumskriftet "Langs Vegen", Suldalsposten 25 år. I Suldalsposten har ho arbeidd i alle feriar sidan ho var fjorten år. Bråtveit har elles brei frilansarerfaring frå ulike lokal-og regionalaviser: Ryfylke,Troms Folkeblad, Stavanger Aftenblad, Nordlys m.m., samt Dag og Tid.
I 2002 vart ho kåra til Årets debutant av forfatterne.net. Ho mottok òg gratisavisa Natt og Dag sin Bergenspris i kategorien Årets bok i 2002.

Fallback image

Utgivelser