Kjartan Fløgstad

1944 -

Fabulerande realist

Kjartan Fløgstad debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968. Han studerte opprinneleg arkitektur ved Noregs Tekniske Høgskule i Trondheim, men skifta snart til litteratur- og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Fløgstad var ei tid industriarbeidar i heimbyen, og blei så «greaser» på eit norsk lasteskip i internasjonal fraktfart. I si tid som sjømann reiste han i ulike delar av verda, spesielt i Latin-Amerika, og erfaringane frå dette enorme kontinentet skulle få ein vesentleg innverknad på forfattarskapen. Kjartan Fløgstad har skrive seksten romanar og ei lang rekke essaysamlingar, dikt, skodespel og biografiar. Han har mellom anna fått Aschehougprisen, Nordisk Råds litteraturpris, Kritikerprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen. I 2008 fekk han Brages hederspris. Kjartan Fløgstad er fødd i 1944 i Sauda og bur i dag i Oslo. 

Skjønlitterære utgjevingar
Due og drone. Roman 2019
Magdalenafjorden. Roman 2014
Nordaustpassasjen. Roman 2012
Grense Jakobselv. Roman 2009
Grand Manila. Roman 2006
Paradis på jord. Roman 2002
Evig varer lengst. Skodespel. 2000
Kron og mynt. Roman 1998
Dikt og spelmannsmusikk 1968-1996. Dikt, gjendiktingar. 1997
Fimbul. Roman 1994
Dikt og spelmannsmusikk 1968-1993. Dikt, gjendiktingar 1993
Kniven på strupen. Roman 1991
Det 7. klima. Roman 1986 (Samlaget)
U 3. Roman 1983 (Samlaget)
Fyr og flamme. Roman 1980 (Samlaget)
Dalen Portland. Roman 1977 (Samlaget)
Ein for alle. Roman (pseud. K. Villun) 1976 (Samlaget)
Døden ikke heller. Roman (pseud. K. Villun) 1975 
Rasmus. Roman 1974 (Samlaget)
Fangliner. Noveller 1972 (Samlaget)
Seremoniar. Dikt 1969 (Samlaget)
Valfart. Dikt 1968 (Samlaget)

Dokumentar- og faktabøker
Etter i saumane. Kultur og politikk i arbeidarklassens hundreår, 2016
Pyramiden. Dokumentar, 2007
Brennbart. Essays 2004
Snøhetta: hus som vil meg hysa. Arkitektur. 2004 (Samlaget)
Osloprosessen. Essays. 2000
Eld og vatn. Nordmenn i Sør-Amerika. 1999 (Universitetsforlaget)
Dei yttarste ting. Nødvendighetsartiklar. 1998
Antipoder. Essays 1996
Ved Roma port. Pamflett 1994 (Samlaget)
Arbeidets lys: tungindustrien i Sauda gjennom 75 år. 1990 (Samlaget)
Tyrannosaurus text. Essays. 1988 (Samlaget)
Ordlyden. Litteraturkritikk 1983 (Samlaget)
Loven vest for Pecos og andre essays. Essays 1981

Andre utgjevingar
Gi lyd. Tekstar
Hotel Tropical. Reisebok, 2003 (Universitetsforlaget)
Shanghai Ekspress. Essayistisk reisebok. 2001
Sudamericana. Latinamerikanske reiser. 2000
Pampa Unión. Latinamerikanske reiser 1994
Portrett av eit magisk liv: poeten Claes Gill. Biografi. 1988 (Aschehoug)
Den hemmelege jubel. Tekster 1970 (Samlaget)

Salg til utlandet
Dalen Portland 1977
USA, Frankrike, Tyskland
U3 1983
Tysk , Russisk
Det 7. klima 1986
Sverige
Kniven på strupen 1991
Sverge, Danmark, Spania
Fimbul 1994
Sverige, Danmark
Kron og mynt 1998
Sverige, Danmark
Paradis på jord 2002
Sverige, Danmark, Spania
Grand Manila 2006
Danmark, Frankrike, Spania, Albania
Grense Jakobselv 2009
Danmark, Frankrike, Bulgaria, Albania

 

Prisar
Bl.a:
2008: Brageprisens hederspris
2006: Kritikerprisen
2006: P2-lyttaranes romanpris
2003: TONOs EDVARD-pris
1998: Gyldendalprisen
1998: Brageprisen
1991: Gyldendals Legat
1988: Pegasusprisen (USA)
1984: Stavanger Aftenblads kulturpris
1984: Noregs Mållags pris
1980: Norsk Litteraturkritikerlags pris
1977: Nordisk Råds litteraturpris
1975: Aschehougprisen

Omsett
Bl.a. til dansk, svensk, finsk, russisk, engelsk (USA), tysk, fransk, spansk, albansk, bulgarsk

Priser

2008: Brageprisen 2008: Hedersprisen
2006: Kritikerprisen
2006: P2-lyttaranes romanpris
2003: TONOs EDVARD-pris
1998: Gyldendalprisen
1998: Brageprisen
1991: Gyldendals Legat
1988: Pegasusprisen (USA)
1984: Stavanger Aftenblads kulturpris
1984: Noregs Mållags pris
1980: Norsk Litteraturkritikerlags pris
1977: Nordisk Råds litteraturpris
1975: Aschehougprisen

Kjartan Fløgstad Høyoppløst bilde

Foto: Julie Pike

Utgivelser