Johannes Heggland

1919 - 2008

Johannes Heggland vart fødd i 1919 på Tysnes i Hordaland og døydde i 2008 i heimkommunen, der han i tillegg til forfatterverksemda også dreiv slektsgarden gjennom eit langt liv og var ordførar i to perioder.

I tillegg til meir enn 60 skjønnlitterære bøker for vaksne, born og ungdom gav han òg ut fleire lokalhistoriske arbeid og skreiv ei rekkje skode- og sogespel. Kristkongane på Moster vert til dømes årleg framført i Moster amfi på Bømlo. Johannes Heggland vart i 2005 utnemnd til Ridder av 1. klasse av Den Kongelege Norske St.Olavs orden. Forfattaren mottok fleire prisar for bøkene sine. Heggland var formann i Den norske Forfatterforening 1982-85, og sat i Nordisk Råds priskomité frå 1983 til 1986. Han har også vore medlem i Det litterære råd og i Norsk språkråd. For sitt virke var Johannes Heggland i ei årrekkje løna med Statens kunstnarstipend.

Romanar og noveller
Tusen vårar VI. Vårherres urtegard. 2008
Tusen vårar V. Oppkoma. 2006
Tusen vårar IV. Ingibjørg. 2004
Tusen vårar IIl. Gud skifter andlet. 2003
Tusen vårar II. Himmelstigen. 2002
Tusen vårar I. Sigrid Jonsdotter. 2001
Brødet fra havet II (Svartesjøen / Ljosken frå paradis). Samleutgåve 2001
Brødet frå havet I (Ana Gyria / Born av støv). Samleutgåve 2001
Det saltlause saltet. 1999
Sjå kor dei elskar kvarandre. 1997
Jordparadiset. Vårherres nedfallsfrukt. 1995
Jordparadiset. Kunnskapstreet. 1994
Det stutte livet. 1992
Lyhamar. 1991
Karjana. 1990
Guds husfolk. 1989
Meisterens søner. 1988
Seglet og vinden - Gullkalven. 1987
Seglet og vinden - I syndefallets tegn. 1986
Seglet og vinden - Syllfest. 1985
Brødet fra havet - Ljosken frå paradis. 1984
Brødet fra havet - Svartesjøen. 1983
Brødet fra havet - Born av støv. 1982
Brødet frå havet - Ana Gyria. 1981
Synder. 1980
Høgmessesundagen. 1977
Rusdøler. 1971
Gabriel. 1969
- dei spela gullterning. Noveller 1968
Vegen til den turre kjelda. 1966
Dagen før domedag. 1961
Kvinnfolkgarden. 1955
Du er den fyrste. Noveller 1952
Gard. 1951
Den dyre lov. 1950
Menneskebrunnen. 1949
Eit anna land. 1948
Manns blod. 1946
Ein mann åtte ein vingard. 1945
Guds åkerland. 1943
Den vegville ætt. 1943
Folk under fjell. 1941

Skodespel
Zetlitzspelet. 2000
Spel om Magnus Erlingsson. 1999
Håkonarspela. 1997
Giskespelet. 1995
Vetespelet. 1994
Amerikafeber. 1986
Mostraspelet. 1984

Barne- og ungdomsbøker
Det forunderlege. 2003
Den unge kongen. 1999
Retten til meg. 1993
Rømlingen. 1988
Jøkul-sonen. 1979
Brevet til Kongen. 1978
Det pantsette landet. 1977
Til framande strender. 1976
Sira Dagbjørn. 1975
På vidvanke. 1974
Den kvite guden. 1973
Ferda til Bjørgvin. 1973
Selja frå Salmeli. 1972
Munkestrien. 1971
Den forfylgde. 1970
Sølvdenaren. 1970
I kongens klede. 1969
Ferda mot sør. 1968
Fregattar i fjorden. 1967
Syskenlaget. 1966
Den heilage øya. 1965
Skutelsveinen. 1964
Bronsesverdet. 1963
Folket i dei kvite båtane. 1962

Andre utgjevingar
Tysnesmålet. Ordbok 2007

Prisar
2001: Emmausprisen
1990: Doblougprisen
1988: Nynorskprisen
1972: Melsom-prisen
1965: Alfred Andersson-Ryssts fond
1963: Sunnmørsprisen
1962, 1963, 1964, 1966, 1970, 1972: Kulturdepartementets premiering av barne- og ungdomslitteratur
1961: Gyldendals legat

Sal til utlandet:
Tyskland, Island

Utgivelser