Almanakk for Noreg 2022 Høyoppløst bilde
Papirbok
Utgivelsesår: 2021
1. utgave
Bokmål
ISBN/EAN: 9788205560086

Almanakk for Noreg 2022

Almanakk for Noreg har eksistert sidan 1644 og har i fleire hundre år vore umissande i norske heimar.
Pris 77,00
Lanseringsdato: 21. september 2021

Almanakken inneheld som vanleg kalendarium med merkedagar, oversikter over astronomiske og meteorologiske forhold, reglar om jakt, fangst og fiske, hundreårsminne, ei minneliste og oversiktskalender for dei næraste åra. Her finst òg plansjar over solhøgd i ei rekkje norske byar, planeten Jupiters månar og tabellar for oppgangs- og nedgangstider for planetane. Ein eigen figur viser lysstyrken til planetane. Almanakken har dessutan med tabellar for Solas og Månens deklinasjon, i tillegg til at dette vert framstilt i form av figurar.

Temaartikkelen denne gong handlar om biletkunstnaren Kåre Tveter, som ville fylt 100 år i 2022, og er skriven avAnny Bo Fremmerlid ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk, Universitetet i Oslo.