39 fragment over ein harmonika Høyoppløst bilde
Papirbok
Utgivelsesår: 2001
49 sider
1. utgave
Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205297623

39 fragment over ein harmonika

Dikt som med utgangspunkt i ei bygd i Telemark, handlar om grenser og overskridinga av desse.
Pris 149,00

Arvid Torgeir Lie har gjennom heile forfattarskapen markert seg som ein både samfunnskritisk og språkkritisk poet. Han har arbeidd med å utfordra det allment godtekne i presise, klåre dikt som er prega av ein tilbakeholdt subjektivitet. I dei siste samlingane, I eit Bergsto-år(1990) og Eksakthet, nærvær (1995), har han gått djupt inn i bygdeerfaringane, ikkje som romantiserande skildrar, men som ein tenkjar som vil vri heilt andre erkjenningar ut av bygderøyndomen. I årets samling er det også bygda som er motivet. Som ein eksperimenterande fotograf vil Lie framkalle ein fysiognomi, eit lynne eller ein sjelstilstand av staden. 39 fragment over ein harmonikahandlar djupast sett om grenser og overskridinga av desse.