Å jage ein hjort i døden Høyoppløst bilde
Papirbok
Utgivelsesår: 2021
80 sider
1. utgave
Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205548787

Å jage ein hjort i døden

Pris 299,00
Lanseringsdato: 06. august 2021

Dei fer bort frå sivilisasjonen dei kjenner for å danne ei ny samfunnsordning. Dei ror over fjorden, går i land på ei folketom øy og brenner båtane etter seg. Her skal det ikkje vere herskarar og undersåttar, her skal dei slette kvart einaste spor av det livet dei har levd. Barna skal gløyme kvar dei kjem frå, familiestrukturar skal løysast opp: alle vaksne skal vere tanter og onklar, alle barn systrer og brør. Dei skal leve av det naturen gjev dei, om nødvendig jage ein hjort i døden for å få mat. Men så vert ein av brørne sjuk, alvorleg sjuk. Og ei av systrene, ei tretten år gamal jente, oppdagar at hendene hennar har lækjande krefter. Evna hennar er ei gåve, men òg ein trugsel – mot ho, og mot det isolerte samfunnet ho lever i.

Med stor skaparkraft og poetisk stødig hand teiknar Svanhild Amdal Telnes eit portrett av ei ung jente i uvanlege omgjevnadar. Å jage ein hjort i døden er ei samling dikt om slit og svolt, men òg om samhald og kjærleik, om å ville overskride for å overleve, og om kor skjørt og utsett livet er for dei som vel å leve isolert. 

Produktet finnes også i følgende varianter
Pris