Ei bøn for år 2000 Høyoppløst bilde
Redaktører: Jan Inge Sørbø
Papirbok
Utgivelsesår: 2000
73 sider
1. utgave
Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205275768

Ei bøn for år 2000

Pris 199,00

Alfred Hauge (1915–1986) blir nok først og fremst hugsa som ein av dei store forteljarane og fornyarane av romanen i sin periode. Men heilt frå barneåra skreiv han dikt, og det finst tre reine diktsamlingar frå hans hand: Skyer i drift over vårgrønt land (1945), Det evige sekund (1970) og Evangelium (1977). Det evige sekund er ei oppsiktsvekkjande bok, med tekstar som spenner frå voggeviser og sonettar til sterkt eksperimentelle dikt. På ein heilt personleg måte kombinerer Hauge impulsar frå visjonsdikting med forteljande, nesten kåserande dikt, hudlause dikt om liding og medliding med sjølvironiske, tidsmedvitne tekstar som berre kunne skrivast akkurat då. Sentralt står refleksjonane over dei ulike tidene i menneskelivet; den korte, forgjengelege tida og kontrasten i det evige sekund; det som varer utover si eiga tid. Det mest kjende diktet frå samlinga er "Ei bøn for år 2000", som har vore mykje brukt nettopp dette året, og som dette utvalet hentar tittelen frå. Jan Inge Sørbø har gjort eit utval frå Hauges to diktsamlingar, og skrive eit etterord om Alfred Hauge som lyrikar.