Fragment Høyoppløst bilde
Papirbok
Utgivelsesår: 2021
96 sider
1. utgave
Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205549357

Fragment

Den fyrste komplette gjendiktinga av Sapfos verk til norsk
Pris 349,00
Lanseringsdato: 22. oktober 2021

Få diktarar – mannlege så vel som kvinnelege – kan måle seg med Sapfo (fødd kring 610 f.Kr.) når det gjeld påverknad på ettertida. I antikken fylte dikta etter Sapfo heile ni papyrusrullar, og ho var sitert og kommentert hjå ei rekkje av dåtidas lærde og poetar. Med tida gjekk store delar av verket hennar tapt. Dei få strofene vi framleis har, lèt oss like fullt ana klangen av ei særeigen og kraftfull, lyrisk stemme. Fragmenta etter Sapfo skildrar erotisk kjærleik, men også familiekjærleik, politikk, religion og moral. At Sapfo kom frå øya Lesbos og skildra kjærleik mellom kvinner, er bakgrunnen for ordet «lesbisk».

Per Esben Myren-Svelstad gjev oss her den fyrste komplette gjendiktinga av Sapfo til norsk, inkludert dei heilt nye papyrus-funna som vart publiserte i 2004 og 2014. Denne gjendiktinga har difor med fleire fragment som til no ikkje har funnest på norsk. Slik opnar gjendiktinga for at Sapfo skal kunna tala til nye generasjonar med sin meisterlege og manande poesi.

Produktet finnes også i følgende varianter
Pris