Kunsten å somle Høyoppløst bilde
Utgivelsesår: 2015
64 sider
1. utgave
Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205487918

Kunsten å somle

Om det underlege mangfaldet menneskelivet er
Pris 279,00
Utsolgt

Å opne ei diktsamling av Hans Sande er som å opne ei dør inn mot heile det underlege mangfaldet menneskelivet er. Få meistrar som Sande å balansere det konkret sansa og det fritt fabulerande, i fortetta poetisk form. Slik rommar Kunsten å somle dikt som spenner over eit stort register. Her er vare naturskildringar og fyndige sleivspark, ømme kjærleiksdikt og desperate dikt om kjærleik som brest. Her er barsk humor, sprelske overdrivingar, naken sorg og klok livsinnsikt. Her er dikt som let oss le og bli skaka, dikt til å kjenne seg att i og dikt til å bli djupt forundra over. Vi møter ein diktar som alltid er på leiting etter noko anna og usagt, og som uttrykker ein heftig kjærleik til naturen som myldrar i oss og omkring oss og på trass av oss.

Bokmeldarane skriv:

"Det er dette opne blikket - ofte i kombinasjon med ein humoristisk tone - som tiltalar ved samlinga. Alt blir inkludert i Sandes magiske univers, og samstundes plassert i eit attkjennande vestlandsk landskap. (...) Her er humor og metafysikk i kombinasjon med ei skarp åtgåingsevne, og viktigast av alt: Sande vil ikkje 'utforske' ei personleg krise eller ulukke, liksom mange norske lyrikarar - han trøystar og lyfter lesaren."
Ronny Spaans, Dag og Tid

terningkast5_logo

"Hans Sande er ein velsigna uføreseieleg forfattar. (...) Styrken i dikta ligg i at dei rotar til i dei språklege vaneførestillingane og skriv fram oversider og undersider i tilveret ved å kombinere både råskap, villskap og ømheit. Opp mot det vankunnige kunnskapssynet som herskar for tida, der kunnskapane må kunne målast og teljast for å bli rekna som kunnskap, set Sande klokskapen. Han auser i dikta frå kulturens visdomskjelder, frå bibelsoga og mytane."
Sindre Ekrheim, Bergens Tidende

Produktet finnes også i følgende varianter
Pris
199,00