Båten om kvelden Høyoppløst bilde
Pocket
Utgivelsesår: 2007
160 sider
4. utgave
Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205367692

Båten om kvelden

Båten om kvelden (1968) vart Tarjei Vesaas’ siste prosabok. Den er kanskje også hans rikaste og tvillaust den mest personlege.
Pris 169,00

Boka sprengjer grensene for den vanlege romanforma, og har innslag av lyrikk og av novellistiske bilete frå hans eiga minneverd. Boka kan lesast på mange måtar, mellom anna som ein gripande indre sjølbiografi. Aldri har Vesaas i prosa kome nærare inn mot det uutseielege.
«Båten om kvelden er ein av dei aller største lesaropplevingane eg har hatt… Han nådde djupare etter kvart og i dei siste bøkene er han forløyst som kunstnar. Dei siste bøkene er mest spennande. Som kunstnar må ein finna sitt eige tyngdepunkt, ein må finna seg sjølv. Vesaas klarte det.»
Lars Amund Vaage til Dag og Tid
«Ingen har skrevet så sanselig. Mange av tekstene er så intense, så sensuelle. En student sa han syntes teksten vibrerer og jeg ble nesten slått til bakken av denne beskrivelsen, for det var det samme jeg hadde følt. Det er nesten erotisk, ja helt ekstremt rått.»
Kjell Inge Skjerdingstad om Båten om kvelden til Dagsavisen