Huset i mørkret Høyoppløst bilde
Utgivelsesår: 2007
208 sider
6. utgave
Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205367661

Huset i mørkret

Huset i mørkret vart skriven den siste vinteren under 2. verdskrigen. Da boka kom ut i 1945, vart ho først og fremst lesen som eit fortetta uttrykk for nordmenns oppleving av den tyske okkupasjonen.
Pris 299,00

Huset i mørkret – det er sjølve biletet på det hærtekne Noreg. Men boka er meir enn ein okkupasjonsroman. Ho er ei allegorisk skildring av mennesket som kjempar mot undertrykking og vald, uavhengig av tidsepoke og stad. Her skildrar Vesaas på meisterleg vis styrken og veikskapen i mennesket, individet slik det viser seg når det blir sett på prøve.
Som sitt bidrag til antologien Det beste jeg har skrevet (1949) valde Vesaas sjølv kapitlet «Oppreising» frå denne romanen.
«– et dikterverk som etter all menneskelig og kunstnerisk beregning kommer til å lyse gjennom tidene.»
Philip Houm