Vårnatt Høyoppløst bilde
Pocket
Utgivelsesår: 2007
176 sider
6. utgave
Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205367678

Vårnatt

Handlinga i Vårnatt (1954) blir spela ut i løpet av ei einaste natt. Syskena Hallstein og Sissel bur på eit lite småbruk, og denne lyse vårnatta skal dei vere aleine heime. Men med eitt bankar det på døra, og utanfor står ein familie og ber om husly etter at bilen deira har fått motorstopp. Blant dei er ei kvinne som skal føde.
Pris 169,00

Den framande familien ber på store indre konfliktar, og desse kjem etter kvart til overflata i den spente atmosfæren som utviklar seg i det nattlege huset. Slik blir dei to unge syskena konfronterte med det problemfylte vaksentilværet. Men midt i omveltinga møter dei båe òg den første, spirande kjærleiken, og får ane kva den byr på av fryd og fare.
Vårnatt er eit lite, tett kammerdrama om sameksistens, om det å leve saman. Boka vart dramatisert og sett opp på Det Norske Teatret i 1992, og filmatisert i 1976 av regissør Erik Solbakken. I 2006 knivast to filmskaparar i USA om filmrettane på nytt, og ein kvinneleg regissør er no i arbeid med prosjektet.