Vesaas' beste Høyoppløst bilde
Pocket
Utgivelsesår: 2007
624 sider
2. utgave
Bokmål
ISBN/EAN: 9788205366657

Vesaas' beste

Kimen -- Fuglane -- Is-slottet -- Utvalgte dikt og fortellinger

Tarjei Vesaas skreiv både romanar, noveller, skodespel og dikt, men det er nok romanane hans som er mest kjende.
Pris 149,00

Kimen (1940) er ei krass skildring av den villskapen som brått kan løysast ut hos mennesket, men òg av anger, skuldkjensle og ei trassig tru på framtida.
Fuglane (1957) er Vesaas’ mest lesne roman. Boka er omsett til ei rekkje språk og vart i 1967 filmatisert i Polen. Med Is-slottet (1963) vann Vesaas Nordisk Råds litteraturpris. Boka skildrar først eit lagnadsfylt møte mellom elleveåringane Unn og Siss.

Til Vesaas’ beste har Olav Vesaas laga eit utval av farens beste noveller og dikt, samt overraskande ekstratekster: artiklar, skisser, notat, talar.

Tarjei Vesaas (1897–1970) blir ofte rekna som ein av dei største norske 1900-tallsdiktarane. Han debuterte i 1923 med romanen Menneskebonn, men fekk først eit gjennombrot i 1934 med Det store spelet. Fram til Båten om kvelden (1968) ga han i alt ut eit trettitals titlar. For novellesamlinga Vindane fekk Vesaas Veneziaprisen (1953) og med den òg eit internasjonalt gjennombrot.