Dikt i samling. 1952-1997 Høyoppløst bilde
Pocket
Utgivelsesår: 2004
284 sider
3. utgave
Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205325487

Dikt i samling. 1952-1997

Marie Takvam er ein kjær diktar blant mange lesarar. Heilt sidan debuten i 1952 med Dåp under sju stjerner har ho vore eit kraftfullt sentrum innanfor den norske lyrikken.
Pris 169,00
Utsolgt

Diktninga hennar tar opp tema som kjærleik, barndom og aldring. Og mykje anna. I Samlede dikt (1952–1997) er alle diktsamlingane hennar samla, og boka viser utviklinga i forfattarskapen og speiler ulike sider ved lyrikaren Takvam.
Med etterord av Torunn Borge og Henning Hagerup.
Marie Takvam blei fødd 6. desember 1926. Ho vaks opp i Ørsta på Sunnmøre, men flytta til Oslo som ung. Ho var berre 25 år da ho debuterte som lyrikar, og sidan ga ho ut ei rekkje diktsamlingar. Takvam har dessutan skrive barnebøker og for Barnetimen for de minste, samt romanane Dansaren (1965) og Brevet frå Alexandria (1981). Ho har òg spelt hovudrolla i Vibeke Løkkebergs film Åpenbaringen frå 1977.