Seg til inkjes Høyoppløst bilde
Pocket
Utgivelsesår: 2019
368 sider
2. utgave
ISBN/EAN: 9788205533257

Seg til inkjes

Sterk romandebut! Vinner av Tarjei Vesaas' debutantpris 2018.
Pris 199,00

18 år gamle Gjøa dreg frå ein heim prega av skilsmisse for å jobbe ein sommarsesong på Fægrane, ei turisthytte øvst i ein fjelldal. I 29 år har Olaug og Gunnar Fægrane drive hytta, med Olaug som styrer kvar minutiøse detalj med pragmatikk og varige mein av for omfattande arbeidsmengd og for trong økonomi, og Gunnar som gjer så lite som mogleg. Sonen deira, Ingebrigt, er komen heim for sommaren frå eit halvhjarta studentliv, og har svært lite lyst til å ta hand om drifta av turisthytta. Gjøa får etter kvart eit fortruleg forhold til Ingebrigt, og det blir eit haldepunkt for henne når ho merkar konsekvensane av den utageringa som frustrasjonen over familiesituasjonen heime har drive henne til.

Seg til inkjes er ei forteljing om å sitje fast og å ville vekk, om mødrer og søner, om vaffelsteiking og nattlege fisketurar, om opprør og eldgamle nabokonfliktar – og om å freiste å halde fram så godt ein kan, for ikkje å gjere seg til inkjes.

terningkast5_logo

«Seg til inkjes» spenner over store ytterpunkt i holdningar, arbeid og moral. Den er språkleg spenstig også, stilistisk og i ordtilfang, og slik skriv Lars Svisdal seg vakkert inn i ein skjønnlitterær tradisjon samstundes som han er tidhøveleg i framkant av debutantar flest.» Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

terningkast5_logo

«Lars Svisdals første bok ligner ikke på et svennebrev i det hele tatt. Hans nynorsk – eller skal vi si, bruk av dialekt – gir perfekt koloritt til miljøet han skildrer, og hans monologer er som tatt ut av den uutholdelige virkeligheten. Med det mener jeg at de varer lenge uten nødvendigvis å føre noe fruktbart med seg. Dette er ment som uforbeholdent skryt. Teksten er også preget av temmelig svart humor, og en skråsikker skriveklo.» Fartein Horgar, Adresseavisen 

«Svært få debutanter skriver som han. Det handler ikke bare om en avvikende språkform, men også om pregnante bilder og situasjonsbeskrivelser.» Anne Merethe K. Prinos, Aftenposten

«Debutanten Lars Svisdal byr leseren på setninger mettet med observasjon og erkjennelse … Like imponerende som karaktertegningene er Svisdals verdensbygging: Denne fjellstua og dens omgivelser finnes. Skriften gjør stedet fullstendig livaktig, i den grad at det har sin egen eksistens og tilstedeværelse i teksten også når det er andre ting som skjer.» Bernhard Ellefsen, Morgenbladet

«Innerst i Svisdals håndlag med ordene ligger tross alt en kjærlighet til det levende, som får sveve som en dus, blå himmel over denne originale og fullmodne debuten.» Sindre Andersen, Klassekampen 

«Lars Svisdal imponerer ... Seg til inkjes er ein spennande debut.» Marta Norheim, NRK

«Alt i alt er det ein framifrå realistisk roman Svisdal har skrive, der stilen er ein stad i kryssingsfeltet mellom Duun og Uppdal, men med vidareutvikla litterært verkty, tettare på personane og heldigvis meir kvardagsleg i replikkane …» Odd W. Surén, Dag og Tid 

«Hvis du skal lese bare en debutant i år, la det bli Lars Svisdal!» Eva Gikling, Driva 

«Forteljingane til Gjøa og til Ingebrigt og familien hans er skrudd saman med kløkt og kjenslefylt kraft. Men endå meir enn handlinga er det språket til Svisdal som verkeleg løftar romanen, som gir fylde til karakterane og det sjarmerande bygderealistiske romanuniverset.» Eivind Myklebust, Vagant

«Lars Svisdal skriver godt. Bare i språk og ordvalg plasserer han leseren i et fjellgard-landskap allerede fra de første sidene av romanen. Språket er rikt, svært variert og tydelig dialektpreget, det gir en opplevelse av noe autentisk, dermed ekte, dermed viktig.» Karen Frøsland Nystøyl, Vårt Land