Dansetimar for eldre og vidarekomne Høyoppløst bilde
Papirbok
Utgivelsesår: 2003
125 sider
1. utgave
Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205311770
Oversetter: Tor Obrestad

Dansetimar for eldre og vidarekomne

Om du samlar dei mest utrulege historiene du har høyrt; alt som har skjedd med venar, med familie, i skogar, ved innsjøar, på gata og i lukka rom – ja, då kunne det komma til å se omtrent slik ut som denne utrulege romanen. Ein slags krysning mellom Bellman og Hugo Claus: vill og morosam og mørk.
Pris 249,00
Utsolgt

Her sit ein gammal tsjekkisk skomakar og fortel nokre unge frøkner om kva som går for seg der ute i verda. Han snakkar på innpust og på utpust, i eit feiande tempo, for at dei unge frøkner skal få eit innblikk i alt som skjer, og har skjedd, og kan skje; frå det mest gjenkjennelege til dei mest ugripelege historier. Bohumil Hrabal (1914—1997) var jurist av utdanning, men hadde eit mangfald av ulike jobbar i løpet av livet sitt – og eit makalaust godt minne. Nokre av historiene er så utrulege at dei kan sjå ut som reine skrøner, men forfattaren påsto sjølv at alt det han skreiv om, verkeleg hadde skjedd. Romanen er beintfram og tilgjengeleg, bresteferdig av historier og tek minimal plass!

«En liten perle fra Tsjekkia» (Aftenposten)
«En leken tsjekkisk historieflom» (Dagsavisen)
«gjør det hverdagslige fantastisk» (Stavanger Aftenblad)