Noveller i samling Høyoppløst bilde
Papirbok
Utgivelsesår: 2021
1. utgave
Bokmål
ISBN/EAN: 9788205560567

Noveller i samling

Jakob Sande (1906-67) er ein folkekjær lyrikar, og dikta og visene hans har ein usliteleg appell. Men Sande skreiv òg forteljingar, og denne boka samlar dei tre novellesamlingane han gav ut: Straumar i djupet (1935), Eit Herrens vér (1943) og Skarlagensnora (1946).
Pris 298,00

I novellene møter vi Sande som ein sansevar skildrar av vestlandsnaturen og ein medfølande observatør av småkårsfolk. Her er skildringar av strenge livskår, av menneske i kamp mot naturkrefter, styresmakter og armod, og her er humoristiske, ofte bitande ironiske utleveringar av menneskeleg dårskap. Det sterke sosiale engasjementet som preger Sandes noveller kjem først og fremst til syne gjennom det varme og forståande blikket han har for kvardagsslitarane, sjølv om veikskapane deira òg kan vere mange, og ikkje vert lagt skjul på.

Professor Atle Kittang har skrive etterord.