Vinduet 2 2018 Høyoppløst bilde
Redaktører:
Maria Horvei
Utgivelsesår: 2018
128 sider
2. utgave
Bokmål
ISBN/EAN: 9788205516243

Vinduet 2 2018

Årets andre Vinduet, med tekstar om fotball-VM, aids og kroppslege tilnærmingar til litteraturen – mellom anna!
Pris 180,00

Årets andre utgåve av Vinduet er i butikk 14. juni!

At dette er same dag som fotball-VM tek til i Russland, vert markert med Nils Henrik Smith sitt essay om VM-bøkene til Jon Michelet og Dag Solstad og kva desse betydde for ein tretten år gamal fotballskribent in spe.

Utgåva byr elles på tekstar om litterære framstillingar av aids-epidemien, ung tysk samtidslitteratur og minnestadene etter 22. juli – mellom anna. Fleire av tekstane kjem òg inn på samspelet mellom litteratur, kropp og kjensler.

Blant forfattarane det vert skrive om, finn me israelske Yoram Kaniuk, amerikanske Lidia Yuknavitch, ungarske Szilàrd Borbély samt norske Kjartan Fløgstad (som i år kan feire 50 år som forfattar).

I tillegg kjem enquete om krisa i Svenska Akademien, ekfrase av Ingvild Lothe, jubileumshelsing frå Audun Vinger, biletserie av Inga Sund Hofset, meldingar og meir til! Full innhaldsoversikt under.

Innhald

Essay: «Jon & Dag, revisited» av Nils Henrik Smith

Essay: «Fortellingene som gav oss aids» av Nikolai M. Kleivan

Reportasje: «Fornuft og følelser», av Erle Marie Sørheim

Manifest: «Ultraromantikk» av Leonhard Hieronymi

Bilete: Inga Sund Hofset

Enquete: Krisa i Svenska Akademien

Samtale: Cary Wolfe, Mel Y. Chen og Jan Grue

Bokessay: «Vegen innover» av Merete Røsvik

Bokessay: «Å lese kan forandre kroppen din» av Ida Jackson og Mari Wold Sannerund

Intervju: Lidia Yuknavitch

Samtale: Gro Dahle og Marie Bergby Handeland

Essay: «Ord, ord, ord, ord» av Hemig H. Gujord

Essay: «Farande frifant» av Eivind Myklebust

Oversetteressay: «De ubemidlede» av Éva Dobos

Essay: «Du skal ikkje glemme! Minnekunst etter 22. juli» av Jørgen Lund.

Ekfrase: «Inger» av Ingvild Lothe

Meldingar: Carina E. Beddari om Orissabiblioteket 1-4, Karin Kukkonen om Siri Hustvedt og Mohamed Abdi om Steven Pinker

Jubileet: Tor Ulvens Gravgaver

www.vinduet.no