Vinduet 4 2019 Høyoppløst bilde
Papirbok
Utgivelsesår: 2019
152 sider
4. utgave
Bokmål/Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205526617

Vinduet 4 2019

Årets siste utgåve ser tilbake på samtalane og bøkene som prega tiåret som no går mot slutten.
Pris 180,00

I Vinduet nr. 4/2019 vert det litterære 2010-talet halde opp mot lyset. Vilde Sagstad Imeland gjev oss ei kronologisk gjennomgang av den offentlege samtalens høgdepunkt (og lågmål), Marta Norheim sveipar gjennom dei klaraste tendensane og ei heil rekke forfattarar og kritikarar har svart på utfordringa om å peike ut det dei ser på som tiårets sterkaste verk.

Fleire av tekstane i nummeret går også i djupna på bøker og tendensar som på ulike vis har vore med på å prege 2010-talet: Ulla Svalheim skriv om Kristina Sandbergs «husmor»-trilogi, Chigozie Obioma, ei av tiårets mest interessante nye stemmer, vert intervjua av Marius Emanuelsen, Carline Tromp skriv om avtrykket av Internett i samtidslitteraturen og Ellen Emmerentze Jervell vender blikket mot Emma Bess, Johanna Frid og Eline Lund Fjæren ­­– og mot seg sjølv, når ho ser på korleis desse forfattarane skildrar opplevinga av å vere ung kvinne på 2010-talet.

I serien med nyskrivne reiseskildringar, som har vore med på å prege Vinduet i 2019, presenterer me i denne utgåva forfattar og journalist Hanna Stoltenbergs skildring frå Beirut.

Også i dette nummeret: ein fyldig meldingsseksjon, nyskrive kunstessay av Mette Karlsvik, tekstar av Vibeke Tandberg, Ole Robert Sunde, Aasne Linnestå, Tore Stavlund, Susanne Christensen og Kristina Stoltz, jubileumsspalte – og meir til.