Almanakk for Noreg 2027
Beskrivelse
Almanakk for Noreg har eksistert sidan 1644 og har i fleire hundre år vore umissande i norske heimar. Årets utgåve inneheld som vanleg kalendarium med merkedagar, oversikter over astronomiske og meteorologiske forhold, reglar om jakt, fangst og fiske, hundreårsminne, ei minneliste og oversiktskalender for dei næraste åra.
Her finst òg plansjar over solhøgd i ei rekkje norske byar, planeten Jupiters månar, tabellar for oppgangs- og nedgangstider for planetane og dessutan ein figur som viser lysstyrken til planetane.
Vidare inneheld Almanakken tabellar for Solas og Månens deklinasjon, i tillegg til at dette vert framstilt i form av figurar, og ein figur som viser vinkelavstandane til Sola frå Merkur og Venus.
Årets temaartikkel, Pukkellaksen – ein gåtefull innvandrar, er skriven av professor Leif Asbjørn Vøllestad ved Universitetet i Oslo.