Det var ei glad og takksam Amdal Telnes som tok imot stipendet under ei fullsett opning av Poesifestivalen fredag kveld. – Når ein skriv, er ein mykje oppi sitt eige hovud, og baksar med all den tvilen og motstanden som måtte finst der. Å bli lesen, lyfta fram og heia på, betyr altså ein heil del. Og så er det spesielt kjekt å få ein pris i Hauge sitt namn!, seier stipendvinnar Svanhild Amdal Telnes.
– Mottakaren av årets Hauge-stipend er ein poet som arbeider med hugsens glimtvise kvalitetar og avgrensingar; med minnet som fragment, som uskarpe polaroidbilete, utsnitt og detaljar, sa juryleiar Pedro Carmona-Alvarez under utdelinga.
Svanhild Amdal Telnes
<p>Svanhild Amdal Telnes (f.1994) er psykolog og forfattar. I 2018 debuterte ho med diktsamlinga <em>Om nettene brukar mor dråpeteljar</em> som vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. Ho fylgde opp med diktsamlinga <em>Å jage ein hjort i døden </em>(2021) og fekk i 2022 Bokhandlarforeningens forfattarstipend for bøkene sine. I 2024 kom den tredje diktsamlinga hennar, <em>Munn mot tømmeret</em>.</p><p>I 2026 blei Svanhild Amdal Telnes tildelt Hauge-stipendet for unge diktarar.</p>
Om stipendet
Det er femte gong Olav H. Hauge-stipendet blir delt ut. Stipendet går til ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har gjeve ut diktsamlingar eller eigne større songverk, og som gjennom denne kunstnarskapen har vist eit særleg poetisk talent.
