Jenny Fender Høyoppløst bilde
Utgivelsesår: 2023
208 sider
1. utgave
Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205565906

Jenny Fender

Nominert til Kulturdepartementets debutantpris for barne- og ungdomslitteratur, ARKs barnebokpris og Trollkrittet!
Pris 299,00

Bandet er kaputt, ferien er kaputt, livet er kaputt. Signe er borte, og Jenny Fender er aleine igjen i bygda. Det er nesten så ho blir heilt deprimert.

Dessutan er den nye naboen kjempeirriterande, med rocka sveis og trommesett i kjellaren. Ho spradar rundt med det skeive smilet sitt og gjer Jenny heilt svimmel.

Dette blir verdas VERSTE sommar … eller?

Heidi Marie Vestrheim debuterer som forfattar med ei sjarmbombe av ei barnebok! Jenny Fender handlar om alt virvaret ein kan oppleve i overgangen mellom barndom og ungdom. Dette er ei forteljing om vennskap, rock og kjærleik.

«Det luktar sukkerspinn, skyllemiddel og salt fjord når Heidi Marie Vestrheim debuterer med ei sjarmerande oppvekstskildring frå siderlandet. [...] «Jenny Fender» er ei glad og god sommarbok med klassiske kvalitetar.»

Bergens Tidende

«Livet går i grus for Jenny Fender på ein måte vi ikkje har sett i ei norsk barnebok sidan Lena Lid flytta frå Trille i Maria Parr si «Vaffelhjarte».»

Bergens Tidende

«Boka høver godt for born i alderen 9–14 som er interesserte i rockemusikk og venskap og ikkje altfor opptekne av My Little Pony og duftlys. »

nynorskbok.no

«Eg synes boka er den beste eg har lest (...) håper det kjem fleire bøker om Jenny Fender!»

Sigrid, 11 år

«Heidi Marie Vestrheim byr på eit heilstøypt romanunivers med ei heltinne som tek pusten frå deg. (...) Jenny er eit fyrverkeri av ein unge.»

Periskop

«Her er potensial til ein bestselgar.»

Periskop