Tarjei Vesaas

1897 - 1970

Tarjei Vesaas (1897–1970) er blant dei største norske diktarane i det tjuende hundreåret, og femti år etter han gjekk bort er han meir populær i utlandet enn nokon gong. Han skreiv både romanar, noveller, skodespel og dikt. I 1964 vart han som første nordmann tildelt Nordisk Råds litteraturpris.

Vesaas vart fødd på garden Vesaas i Vinje 20. august 1897. Han var den eldste av tre søner, og difor odelsgut. Men Vesaas avslørte snart at han ville gå ein annan veg; det var skrive han ville. Vinje var den faste bustaden hans gjennom heile livet, men han reiste mykje kring i Europa.

Etter eit år på Voss folkehøgskule og avtent verneplikt som gardist, byrja Vesaas i 1920 å skrive skisser, dikt og artiklar for lokale aviser. Året etter vann han førstepremien i ei vekebladtevling med eit prosadikt. Same året sende han ein roman til eit forlag, men den vart refusert. Oppmuntra vart han likevel; snart vann han førstepremien i ein novellekonkurranse (1922), og det skulle ikkje ta lang tid før han fekk gitt ut den første romanen sin, Menneskebonn (1923).

Etter Menneskebonn gav Vesaas ut åtte romanar, to skodespel, ei diktsamling og ei novellesamling, før han fekk eit gjennombrot med Det store spelet i 1934. Same året gifte han seg med lyrikaren Halldis Moren. Ekteparet slo seg ned på Midtbø, og året etter kom det første barnet, Olav.

Vesaas følgde godt med på moderne litteratur og teater, og fornya sjølv norsk prosadikting. Dei beste romanane sine skreiv han i sekstiårsalderen, som Fuglane, med den ugløymelege "tusten" Mattis, Is-slottet og den siste prosaboka Båten om kvelden. I sentrum av Vesaas' verker er gjerne menneske i møte med destruktive krefter i og utafor seg sjølv, det er eksistensielle kriser han oftast skildrar. Mellom hans mest kjende og verdsette bøker er også Kimen (1940), eit tett drama i eit lite øysamfunn og den første av Vesaas' store symbolromanar, og Huset i mørkret (1945), ein rein allegori over Noreg under krigen.

Vesaas debuterte seint som lyrikar, trass i at prosaen hans er full av lyriske element frå starten av. Samlinga Kjeldene kom ut i 1946, og etter kvart kom fem samlingar til, med ikoniske dikt som "Snø og granskog", "Regn i Hiroshima" og "Det ror og ror" - eit samla diktkorpus som står sentralt i den norske etterkrigslyrikken.

For novellesamlinga Vindane fekk han Veneziaprisen i 1953, og med det eit internasjonalt gjennombrot. I 1964 vart han som første nordmann tildelt Nordisk Råds litteraturpris, og for dei pengane oppretta han ein eigen pris – Tarjei Vesaas' debutantpris, som i dag har svært mykje å seie for nye forfattarar.

Bøkene til Vesaas er omsette til 32 språk.

Utgivingar

ROMANAR
Menneskebonn. 1923
Sendemann Huskuld. 1924
Grindegard. 1925
Grindekveld. 1926
Dei svarte hestane. 1928
Fars reise. 1930
Sigrid Stallbrokk. 1931
Dei ukjende mennene. 1932
Sandeltreet. 1933
Det store spelet. 1934
Kvinnor ropar heim. 1935
Hjarta høyrer sine heimlandstonar. 1938
Kimen. 1940
Huset i mørkret. 1945
Bleikeplassen. 1946
Tårnet. 1948
Signalet. 1950
Vårnatt. 1954
Fuglane. 1957
Brannen. 1961
Is-slottet. 1963
Bruene. 1966
Båten om kvelden. 1968

NOVELLER
Klokka i haugen. 1929
Leiret og hjulet. 1936
Vindane. 1952
Ein vakker dag. 1959

DIKT
Kjeldene. 1946
Leiken og lynet. 1947
Lykka for ferdesmenn. 1949
Løynde eldars land. 1953
Ver ny, vår draum. 1956
Liv ved straumen. 1970

SKODESPEL
Ultimatum. 1934
Guds bustader. 1925
Morgonvinden. 1947

Sal til utlandet

Båten om kvelden 1968
Frankrike, Georgia, Bulgaria, Sverige, Danmark, Sveits/Tyskland, England

Bruene 1966
Sverige, Danmark, Finland, Sveits/Tyskland, Frankrike, England, USA, Georgia

Is-slottet 1963
Bulgaria, Sverige, Danmark, Finland, Nederland, Island, Italia, England, USA, Frankrike, Polen, Israel, Japan, Tyrkia, Georgia, Spania, Korea, Russland, Romania, Ukraina, Makedonia, Kroatia

Brannen 1961
Frankrike, Danmark, Finland

Ein vakker dag , noveller 1959
Danmark, Sverige , Frankrike

Fuglane 1957
Bulgaria, Sverige, Danmark, Finland, Færøyene, England, Frankrike, Italia, Polen, Slovakia, Slovenia, Ungarn, Tyskland, Sveits, Hellas, Litauen, Nederland, Georgia, Island, Korea, Tyrkia, Russland, Israel, India

Ver ny vår draum dikt 1956
Danmark

Vårnatt 1954
Sverige, Danmark, Finland, Frankrike, Island, England, USA, Tyskland, Kroatia, Polen, Spania/Sør-Amerika

Vindane, noveller 1952
Sverige, Danmark, Tyskland, Frankrike, Italia, Georgia

Løynde eldars land , dikt 1953
USA

Signalet 1950
Danmark

Tårnet 1948
Danmark, Sverige

Bleikeplassen 1946
Danmark, Sverige, Spania

Huset i mørkret 1945
Polen, Sverige, Danmark, Frankrike, England, Tsjekkia

Kimen 1940
Sverige, Danmark, Frankrike, England, USA, Polen, Tsjekkia, Romania, Slovenia, Georgia

Kvinnor ropar heim 1935
Tyskland

Det store spelet 1934
Danmark, USA, Polen, Romania, Russland, Tyskland, Tsjekkia

Sandeltreet 1933
Danmark, Frankrike

Klokka i haugen 1929
Østerrike

Dei svarte hestane 1928
Østerrike, Ungarn, Sverige, Frankrike

Dikt i utval
Tyskland, Kroatia, Frankrike, USA, Georgia, Canada

Liv ved straumen dikt 1970
Danmark, Sveits, Frankrike

Huset og fuglen - Tekster og bilete 1919 – 1969 redigert av Walter Baumgartner. 1971
Sverige

Utvalgte noveller – Under hjulet
Danmark

Om Tarjei Vesaas på Store Norske Leksikon

Utdypningsartikkel på Store Norske Leksikon

Om Tarjei Vesaas på wikipedia

Titlar i sal

Gå til nettbokhandelen for ei full oversikt over tilgjengelege titlar.

Tarjei Vesaas Høyoppløst bilde

Foto: Rettigheter: Gyldendal Norsk Forlag

Utgivelser