avJan Grue
Hva skjer med et samfunn når noen liv regnes som mer verdifulle enn andre?
I opptakten til det amerikanske presidentvalget i 2024 reiser Jan Grue med sin kone og sønn på forskningsopphold til universitetsbyen Berkeley. I et nabolag fullt av redwoodtrær leier de et lite hus med en overgrodd bakgård, og finner en idyllisk hverdagsrytme i solen i Nord-California.
Livet i Berkeley står i skarp kontrast til det reaksjonære USA som trer frem når Donald Trump blir valgt til president for andre gang. Nord-California er fremtidstroens land, det er stedet der funksjonshemmedes rettighetskamp tok form på 60-tallet, der mangfold, inkludering og likeverd er honnørord. Men det er også stedet der Silicon Valley ligger, der fremtiden blir formet av en drøm om perfekte mennesker, drevet frem av genteknologi og kunstig intelligens.
Med denne boken viderefører Jan Grue sitt særegne prosjekt der det personlige kaster lys over de store politiske og filosofiske spørsmålene i vår tid.
… Jan Grue er en nytelse å lese, selv når nyhetene er elendige.
Morten Ståle Nilsen, Bok365Jan Grue gir eit årvake vitnesbyrd frå det nytrumpske USA. Det bør ikkje gi nokon grunn til å puste letta ut. … Tendensane i denne uroande utviklinga av det amerikanske samfunnet kjenner vi godt. Nennsamt porsjonerer Grue ut desse små, men talande scenene i skildringa av familieliv og utflukter. Han gir dei kraft ved å forankre dei i levd liv, på ein plass han elskar: Her står ikkje berre verdiar eller solidariske prinsipp i fare for å gå tapt, men også kjensla av ein stad, ein heim. Det utgjer eit universelt språk så godt som noko, og Grue snakkar det med truverd og kløkt. … Mot det idéhistoriske risset synleggjer Grue at Trump-administrasjonen sitt politiske prosjekt ikkje berre er eit rasande angrep på beståande rettstrukturar. Under finn ein også ideologiske haldningar til menneskeleg svakheit generelt, og funksjonshemming spesielt, som pregar store delar av den vestlege tankehistoria. Denne innsikta blir levande ved klarheita i resonnementet, men også ved at Grue samtidig skriv så bramfritt om si eiga kroppslege svakheit. Tankegodset han skildrar, inneber ei fornekting av at han sjølv i det heile har livets rett. Denne evna til å føre saman teori, historie, samtidsanalyse og personleg erfaring inn i eit så tilgjengeleg format, held fram med å vere Grue sin store styrke både som memoarforfattar og del av det kollektive samvitet.
Vebjørn Kallelid, Vagant