Grand Manila Høyoppløst bilde
Utgivelsesår: 2007
416 sider
1. utgave
Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205367425

Grand Manila

Grand Manila vart tildelt Kritikerprisen 2006 for beste skjønlitterære bok
Pris 199,00

Slik. Mørkre. Lyden av rennande vatn frå usynlege elvar, eller lydlaust frå kraftlinjene over hovudet vårt, eller kabelen som glid oljemjukt ned på trommelen i maskineriet. Det måtte ha regna. Regnet hadde stått som spyd i bakken. Det hadde slutta. Det klårna opp. Skyene var borte, den lysande vesthimmelen. Ingen å sjå. Lydane. Og gassen, usynleg. Alt som er fast, skal løysa seg opp og kverva i den tomme luft. Elefantane. Vognene. Kabelen. Regnet, som gir seg. Og pengestraumen. Alle store formuer er resultat av eit stort brotsverk. Eller det er verre enn som så. Alle store brotsverk er resultat av ei stor formue. Sånn er det.

Grand Manila vart tildelt Kritikerprisen 2006 for beste skjønlitterære bok, og vart òg stemt fram til P2-lyttaranes romanpris same år.

Dette sa kritikerne

«Fløgstad i kanonform … Et eventyr av en roman - et epos av et kaliber som det skrives få av her til lands.»

Fredrik Wandrup, Dagbladet

«Kjartan Fløgstad har med Grand Manila skrevet en av sine aller fineste romaner, og dermed en av de beste som er skrevet på norsk.»

Tom Egil Hverven, Klassekampen