Vinduet 1+2/2021 Høyoppløst bilde
Redaktører:
Utgivelsesår: 2021
192 sider
1. utgave
Bokmål
ISBN/EAN: 9788205556935

Vinduet 1+2/2021

Jubileumsnummer 75. årgang

Vinduet markerer sin 75. årgang – og siste utgåve på papir.
Pris 230,00

Eit dobbeltnummer, ei jubileumsutgåve og ein siste seglas med Vinduet som papirskute – Vinduet nr. 1+2/2021 er langt frå eit ordinært eksemplar av Gyldendals tidsskrift for litteratur!

Ei rekke tekstar i dobbeltnummeret gjer nedslag i Vinduets eigen historie, både i form av nærlesingar av einskildnummer og tematiske djupdykk. Tonje Vold les Vinduet i eit postkolonialt perspektiv, Martin Lundell ser på bladets visuelle historie, Sissel Furuseth ser på Vinduets plass i Nasjonalbibliotekets digitale bokhylle – og fire tidlegare Vinduet-redaktørar møtest til samtale om deira tid på Sehestedsplass, og om litteraturkritikkens oppgåver no og i framtida. 

På kva måte digital teknologi og endringar i folks lesevanar påverkar no- og framtidas litterære produksjon går som ein raud tråd gjennom fleire av nummerets tekstar, anten det er Tor Eivind Øverås’ betraktingar om den norske romanen i strøymeteknologiens hundreår, Kari Spjældnes’ blikk på den digitale lesingas gleder og utfordringar eller Ola Morris Innsets vurdering av konsekvensane av Amazons moglege inntog i den norske bokmarknaden.

I ein nyskriven tekst skriv den britiske forfattaren Max Porter om kvifor han elskar norske folkeeventyr, medan Sarah Smith Ogunbona reflekterer kring språkleg fordobling med utgangspunkt i Agota Kristofs tvillingtrilogi og Carina Elisabeth Beddari drøftar lesingar av Nils Aslak Valkeapääs poesi. Ole Øyvind Sand Holth skriv om å vere pandemistranda i Tunis, Nikolai M. Kleivan om Internett som eit fysisk format og Kåre Bulie om kioskens rike litterære univers. Skjønnlitterære bidrag av Johan Harstad, Trude Marstein, Haukur Ingvarsson og Frøydis Solli Simonsen.