Det kan altså i utgangspunktet verka enkelt å lesa desse dikta, men ein lesar vil snart merka korleis Sørheim senker lesefarta vår, og pusten, ja, kanskje til og med pulsen, for her er ei skjerpa merksemd for detaljane og her er mykje kunnskap å ta inn. Og under dei fleste dikta, uansett kor lette dei kan verka, ligg det eit stort alvor. Thor Sørheim held fast på trua på at denne typen dikt kan fungera, og held fram med sitt. Også i denne nye samlinga. Og han får rett.
Helge Torvund, Krabben