Det er ein eigenarta fridom i denne teksten, og det kjem av at han er så munnleg og direkte. […] Oterholm syner eit stort repertoar i denne romanen, ho tek alt på strak arm og språket er føyeleg, det ser så leikande lett ut, og truleg kunne romanen ha halde fram i det uendelege. […] Anne Oterholm har kort og godt skrive ein ypparleg roman om ein litt utriveleg person, ein som har gjort det godt, men som ikkje er særleg god.
Odd W. Surén, Dag og Tid