Les eit utdrag

Utdrag frå «Gratulerer med dagen» av Maria Horvei

«Horvei er skarp i beskrivelsen av både by- og bygdefolk. De er på hvert sitt vis morsomme, herlige og kjærlige. De lengter alle etter et fellesskap, samtidig som de har klare føringer for hvilket fellesskap det helst skal være. … Selv om Horvei lar karakterene sine bale med nasjonaldagens tradisjonelle trivialiteter, klarer boka på vellykket vis å si noe om Norge – gjennom gode menneskeportretter, og gjennom personenes ledige, ofte humoristiske omgang med livets kvaler. … Når flagget fires mot slutten av romanen, løsner læreren på bunaden, forfatteren hopper i vannet, og Bergensbanen tar med seg byfolket hjem. De priser seg lykkelige over at det er et år til neste gang, mens denne leseren synes det har vært en god fest.»

Tora Sanden Døskeland, Klassekampen

Maria Horvei (f. 1988) er skribent, kritikar og forlagsredaktør. Frå 2018 til 2021 var ho redaktør i tidsskriftet Vinduet.

Gratulerer med dagen er hennar første roman.

Om boka:

Det gryr til nasjonaldagsfeiring i bygda. Flagg vert heist, skjorter stroke. Syrinar er på nippet til å blomstre, og himmelen i ferd med å bli blå som ein undulat. Ut av husa stig folk, og alle skal dei feire. Éin er komen tilbake til heimbygda for å halde tale for dagen, ei har stålsett seg for pliktene som følgjer med vervet som leiar for 17. mai-komiteen. Ei skal snart reise langt vekk, ein annan forsøker å finne att ein plass han aldri eigentleg har høyrt til.

Les eit utdrag:

Birger

Bygda var langstrekt, med hus spreidde utover landskapet som om nokon hadde halde dei i hendene, mista dei og late dei ligge der dei fall. Ei elv delte dalen i to, og på kvar side reiste det seg fjellsider – høge nok til å stenge sola heilt ute fleire månadar av året, men for låge til å gjere noko særleg imponerande inntrykk. Tette rader med sitkagraner hadde for lengst trampa ned det som måtte ha funnest av lauvskog, i sin marsj nedover liene og vaka no humørlaust over brekker, slåttemarker og bøar der engkarsen gjorde sitt beste for å spire før fôrhaustarane kom. Sirlande bekkar av smeltevatn hadde gjort elva kald og feit, lik ein oppdrettslaks på rømmen, og etter å ha slynga seg forbi dei aller siste husa rann ho ut i fjorden, med ei kraft mistenkeleg lik gleda over å sleppe unna noko keisamt. Men framleis var det langt til havet – om det var det ho tenkte på.

Frå sørsida av elva kunne ein køyre inn på europavegen og derifrå kome seg omtrent kvar ein ville, så lenge ein hadde god nok tid. Mange av dei som reiste, kom aldri tilbake, anna enn for korte besøk til høgtider og i sommarhalvåret, og dei som vart verande, var anten for gamle eller dei fødde for få ungar til å motverke at hus etter hus var blitt ståande tomme dei siste åra, utan anna enn støv og svinnande dagslys til å fylle dei. Til å byrje med var mørket i vindauga påfallande, lik opplevinga av å gå inn i eit rom og få kjensla av at noko ikkje stemmer. Så, etter ganske kort tid, gjekk dei i eitt med landskapet, og tanken om at det nokon gong hadde vore annleis, vart fjern.

Men nok om det!

For dei fleste husa var det då framleis liv i, og i eitt av dei sat Birger S. Fjellheim. Det var tidleg på morgonen den 17. mai, nøyaktig 182 år etter at ein ung, bakfull diktar hadde oppeldna ei menneskemengd beståande av kring fem tusen tilhøyrarar med sine sterkt bevinga ord om den medborgarlege samkjensla, under avdukinga av minnestøtta for stortingsmannen Christian Krohg. Minnestøtta stod framleis, om enn mange mil aust for Birgers barndomsheim, der han no var i gang med å førebu seg på å følgje i diktarens fotspor, men den medborgarlege samkjensla strevde under tunge kår. Somme meinte det var smarttelefonane si skuld, desse apparata som kasta eit sjukeleg kvitt lys over andleta til alle som stira ned i dei, og som gjorde at ein vart mindre oppteken av å snakke med naboen og meir oppteken av kva aviskronikkar naboen delte på Facebook-profilen sin. Andre meinte det var den sittande regjeringa som skapte avstand mellom folk, så mykje splid og uro dei sådde i menneske som elles hadde det til felles at dei var dårlegare stilte enn dei samfunnsklassene regjeringa hadde for vane å rekruttere mannskapet sitt frå. Ganske mange meinte det var ikkje-vestlege innvandrarar som måtte aksle brorparten av skulda for at nasjonen Noreg ikkje var det han ein gong var, noko som for så vidt ikkje var usant, men heller ikkje dårleg nytt, nødvendigvis. Gjennom smarttelefonane sine hadde landets innbyggarar dei siste månadane lese meldingar om at stadig fleire innvandrarar var på veg, og at det ein gong så paradisiske Middelhavet no var blitt eit helvete der menneskekroppar flaut livlause i vasskorpa og skip som forsøkte å hjelpe dei, vart torpederte. Dette utløyste frykt, men der nokre frykta at det var den globale solidariteten med menneske i naud som gjekk under i Middelhavets bølgjer, frykta andre for at dei som faktisk kom seg i land, etter kvart ville vere å finne på dørstokken til den norske velferdsstaten, som etter deira meining ikkje hadde plass til fleire blindpassasjerar. På denne fine vårdagen i 2015 var det ingen som ville nekte for at nasjonens frigjering frå både Sverige og Danmark for lengst var unnagjort, eller for at okkupasjonen under Tyskland var eit tilbakelagt stadium. Men kampen for Noregs grenser var ikkje avslutta. Det var berre ikkje ein kamp det var enkelt å samle seg rundt, sånn utan vidare.

Difor var det fleire enn Birger som i det siste hadde tatt seg i å lengte etter eit ytre trugsmål som det rådde ein viss konsensus kring korleis ein skulle handtere. Ikkje at han var så enkel at han trudde at motstand mot svenske statthaldarar, eit område der den unge diktaren i si tid vekte oppsikt, hadde vore ei unison affære i si tid. Under den siste krigen hadde dessutan Birgers eigen grandonkel hamna på feil side og stod slik som eit eklatant og nærliggande døme på at sjølv openberr vondskap kunne sanke støtte ikkje berre hjå dei vonde, men òg hjå dei overdrive antikommunistiske og dårleg pålesne.

Så det var ikkje det.

Det var historias klare etterpåklokskap han ynskte seg tilgang på, men helst før det var gått så lang tid at notida faktisk var blitt til fortid. Eventuelt kunne han nøye seg med eit tydeleg svar på spørsmålet om kva hans tidlegare sambygdingar meinte om dagsaktuelle politiske hendingar, slik at han kunne justere sin framleis ikkje ferdigskrivne tale for dagen deretter.

Ikkje at han ville snakke dei etter munnen! Slett ikkje, det ville vore svært lite likt ein Wergelands arvtakar. Men som utflyttar som hadde tatt seg ei langhelg fri for å vende tilbake til bygda i høve nasjonaldagen, var han medviten om faren for å bli skulda for arroganse, for å vere verdsfjern eller, gud forby, for overdrive konsum av kaffe latte. Han ville gjerne treffe ein balanse der han drog linjene mellom det avgrensa vesle bygdesamfunnet både han og tilhøyrarane hadde vakse opp i, og den skiftande, moderne verdsordenen dei alle var omslutta av. Han ville snakke til dei på ein måte som gjorde det klart, ein gong for alle, at han var éin av dei.

Berre smartare.

Birger kikka ned på taleutkastet sitt, som enn så lenge bestod av følgjande lysande formuleringar:

Kjære bygdefolk!

Gratulerer med dagen! Eller lat meg heller seie det slik: …

 

Relaterte artikler

Les et utdrag fra «Tom»

Les et utdrag fra «Tom»

«En elegant og original skrekkroman om galskap, kunstig intelligens og psykiatriens tragikomiske historie.» Cathrine...
Gull fra Julehistorier

Gull fra Julehistorier

I juleheftet vårt har vi samlet fortellinger som på ulike måter sier noe om lengselen etter den innerste julegleden....