Jubileumsnummer av «Vinduet»

Siste utgåve på papir!

Vinduets jubileumsutgåve ser tilbake på eiga historie og skodar fram mot ei digital framtid

Det er slutten på ein æra når Vinduet no lanserer ei jubileumsutgåve for å markere tidsskriftets 75. årgang. Frå og med hausten vert Vinduet nemleg heildigitalt, med lanseringa av ei heilt ny nettside under nye redaktørar. Det ferske nummeret er såleis det siste fysiske eksemplaret av Gyldendals tradisjonsrike tidsskrift – for ikkje å seie flaggskip – for litteratur.

«Det har vore eit enormt privilegium å få sette mitt stempel på ein liten del av Vinduets historie som redaktør dei siste åra», seier Maria Horvei, som med dette avsluttar redaktøråremålet ho tok fatt på i 2018. «Denne jubileumsutgåva er ikkje så mykje eit forsøk på å samanfatte alt som har vore, men å peike på nokre delar av heile tidsskriftets historie til no det kan vere verdt å ta med seg vidare – eller, for den del, som det er like greitt at me legg bak oss.»

Overgangen mellom papirformatet og den digitale framtida som ventar pregar då også innhaldet i nummeret. Forutan eit breitt utval drøftingar av Vinduets eige arkiv, tek ei rekke tekstar for seg framtidsutsiktene til ein litteratur som ikkje berre vert formidla gjennom, men i aukande grad også forma av, digital teknologi. Den norske romanen i strøymeteknologiens hundreår, lydbokrevolusjonen, Amazons moglege inntog på den norske bokmarknaden – alt dette og meir til vert diskutert i jubileumsnummeret.

«Tidlegare jubileumsutgåver av Vinduet har markert ein liten pause på vegen vidare – denne gongen er det ein total kursendring som står føre oss», seier Horvei. «Det kjendest difor naturleg å nytte høvet til å sjå på samtida og framtida for litteraturen, heller enn berre å sjå seg bakover.»

Vinduet har alltid vore kjenneteikna av sine sterke, og høgst ueinsarta, redaktørar. Blant dei det vert kasta lys over i jubileumsutgåva, finn ein Jan Erik Vold, Knut Faldbakken, Jan Kjærstad, Audun Vinger og Kaja Schjerven Mollerin – i tillegg til at fleire redaktørar bidreg til innhaldet i bladet, blant dei Janneken Øverland, Tor Eystein Øverås, Ane Farsethås og Preben Jordal. Når også noverande redaktør Horvei og påtroppande redaktørar Simen V. Gonsholt og Ola M. Innset stiller med byline, kan ein verkeleg snakke om eit møte mellom fortid, notid og framtid.

«Vinduets store styrke er at det er ein standhaftig tradisjon, basert på kontinuerleg fornying,» seier forlagssjef Kari Marstein. «Kvar redaktør som har kome inn, har forma Vinduet i sitt bilete, men tidsskriftets unike posisjon i Litteratur-Noreg har sikra at det aldri har levd og døydd med einskildpersonar. Redaktørane har kome og gått – men Vinduet som institusjon har bestått. Endringa som kjem til hausten, er meir radikal enn tidlegare, i alle fall i det ytre, men eg har stor tru på Vinduets evne til å overleve oss alle saman.»

Les meir om innhaldet i siste nummer av Vinduet

Relaterte artikler

Comeback fra McCarthy

Comeback fra McCarthy

16 år etter hans forrige utgivelse er USAs viktigste nålevende forfatter, Cormac McCarthy, igjen aktuell. Dette er...
50 år uten homoparagraf

50 år uten homoparagraf

– Det er viktig å markere jubileet for opphevingen av «homoparagrafen», og at vi ikke tar den og andre seire for...