
Les eit utdrag: Blindsone

– Fortare, fortare!
Eg ropar ivrig og dunkar handflatene mot dashbordet. Regnet slår mot ruta, og hendene til Henrik klamrar seg til rattet.
Han pressar foten mot gasspedalen så speedometeret klatrar oppover, oppover. Eg ser kjapt på mobilen som heng under
radioen. Stoppeklokka er på. Sekunda går fortare og fortare dess nærmare me kjem. Eg ser vatnet på venstresida og fjorden til
høgre. Berre eit par hundre meter til no.
– Du kan klara det, seier eg.
– Berre rett rundt svingen, så er du der.
Kom igjen no!
Hestekreftene og den slakke svingen pressar kroppen mot døra.
Hjartet slår som eit overtent stempel. Det er faen så deilig! Gjennom ruta ser eg bilen til Sindre. Fleire av dei andre frå tredjeklassen
til Henrik er der. Rasteplassen er eigentleg laga for turistar, med toalett og utsikt over både fjorden og vatnet. Men han er
heilt perfekt for oss. Eg strekker meg mot mobilen og gjer meg klar.
Der!
Eg trykker «stopp» og plukkar ned telefonen. Kroppen roar seg i takt med motorduren. Trea glir saktare og saktare
forbi, til alt nesten står heilt stille. Me tar til høgre i krysset der ein kan ta av mot sentrum, og køyrer vidare langs fjorden.
Etter eit lite minutt vrir Henrik om rattet og tek av frå hovudvegen. Han køyrer inn på den smale sidevegen mot venstre, der
me straks kjem fram til snuplassen ved MC-huset. Så sig med tilbake igjen, den same vegen me kom. Slik me alltid gjer.
Det går på autopilot.
– Ja?
Henrik snur seg mot meg. Eg dekker til skjermen så han ikkje ser resultatet. Før me kjem tilbake til hovudvegen, svingar
Henrik bilen ut i grøfta og stoppar. Han legg venstre hand på giret og den andre bak nakkestøtta mi. Her er det berre oss
og skogen.
– Få sjå, då!
Eg smiler og held fram mobilen, der tala lyser kvitt.
08:47.
Det rykker i kroppen til Henrik.
– Shit, altså!
Eg nikkar. Bøyer meg fram og legg hendene rundt nakken til Henrik. Så pressar eg munnen mot hans, lirkar tunga inn mellom
dei tynne leppene. Heile kroppen hans dirrar svakt. Handa hans har flytta seg frå giret og bort på låret mitt. Dei lange
fingrane glir lett inn under skjørtet. Eg pressar ryggen mot setet, som om bilen skyt fart framover. Eg kjenner pulsen som
aukar igjen. Regnet som slår mot taket. Munnen til Henrik kitlar mot øyret.
– OK?
Så lener Henrik seg tilbake i setet og knepper opp buksa. Den første gongen i bilen blei det berre knot, med ratt og
knappar og spakar i vegen. No går det nesten av seg sjølv. Med ei enkel rørsle snur eg meg rundt så eg sit over han.
Eg pressar meg mot han og kjenner munnen til Henrik mot halsen.
Blindsone
Anders Totland
Bilar, fart og altoppslukande kjærleik
For Sanne er det berre ein ting som gjeld: kjærasten Henrik. Det er dei to mot verda.
Så nærmar russefesten seg, og Sanne blir overraska når Henrik plutseleg vil dra dit. Han har då ikkje vore oppteken av sånn før? Sanne vil ikkje vera klengete, men når ho anar ein sjanse til å bli med på festen og halda eit auge med Henrik, grip ho han.


Eksklusivt utdrag fra Hunger games: Soloppgang på arenaen

Les et utdrag fra «Malma stasjon»

Les et utdrag fra «Ett minutts stillhet»!

Les et utdrag fra «La meg få vandre i min sannhet»

Les eit utdrag frå «Gratulerer med dagen»

Les et utdrag fra «Skinnende døde»

Les et utdrag fra «Underliv»

Les et utdrag fra «Prøve og feile»

Les et utdrag fra «Tom»

Les utdrag fra «Skatten og tyven»

Les et utdrag fra «Ut av tiden»

Utdrag fra «Den svarte svanen»

Les et utdrag fra «Veien videre»

Utdrag fra «Å lese etter troen»

Les et utdrag fra «Vindu mot skogen»

Les utdrag fra Formørkelsen og dens lys»

Les et utdrag fra «Til dancing boy»

Les et utdrag fra Selvkritisk
