

Tre korte!
Tre korte!
I haust er Kjartan Fløgstad aktuell med romanen Due og drone som har hausta seksar etter seksar på terningen. Vi har stilt han tre korte spørsmål.
Kva var den mest morosame scenen å skriva?
- Den lettaste å skriva, og mest frigjerande scenen i boka, er den første som handlar om Jan Lomark. Han er 15 år, har vore ein snartur til sjøs, kjem heim i isblå tropedress og set seg i slenghuska på leikeplassen. Der tar han fart, går høgare og høgare og høgare enn høgast. Til slutt går han over tverrstanga huska heng i, får større og større fart, kjettingane på huska snurrar seg rundt stanga, blir kortare og kortare. Kva gjer Jan Lomark då? Jo, han slepper taket og blir kasta ut i lause lufta, gjennom manganrøyken og skyene over fabrikken, opp i universet, der han utover i boka blir observert i nærleiken av stjernebildet Sørkorset, medan sjøfolk frå tid til anna ser han over Bali og Hawaii, over Rio og Shanghai, som det heiter i songen.
For meg viser denne scenen fridommen i romanforteljinga.
Samtidig prøver scenen å inngå ein kontrakt med lesaren. Viss du går med på at det som blir fortalt om Jan Lomark er sant, ja, då vil du vera med på at mangt uventa og og usannsynleg kan skje vidare mellom dei to permane i boka.
Og kva var den vanskelegaste?
- Ein scene eg skreiv om att mange gonger, har ein historisk bakgrunn og handlar om to soldatar som blir funne i tett famntak etter våroffensiven på Litzafronten på Kola-halvøya våren 1943. Ein er frå det tyske Wehrmacht, den andre frå Den raude armé. På begge sider har troppene fått utdelt lette sommaruniformer og er heilt hjelpelause, då dei blir overraska av ein arktisk snøstorm i mai. Dei døyr ikkje av kuler og kanonar, men av kulde og forfrysing. Dei to som blir funne tett omfamna, har begge ein bajonett i handa, men sanitetssoldatane som finn dei, lurer på om dei har prøvd å ta livet av kvarandre, eller om dei har prøvd å berga livet ved å gi kvarandre ein siste rest av kroppsvarme.
Dei to blir viktige i handlinga vidare, fordi dei har besvangra ei kvinne på kvar si side av frontlinja. Soldaten frå Den raude armé blir far til ei jente som veks opp i Sovjetsamveldet, medan Wehrmacht-soldaten gir opphav til ein gut som har barndommen sin i Nord-Norge og på Bjølsen i Oslo. Som det står: Han er min bror, men av ei anna mor.
Du har mange kreative namn i bøkene dine, kvar får du desse frå?
- Mor til den norske guten er frå grenselandet mellom Norge og Russland, heiter Kcenia til fornamn og Nyslåttbuktmo til etternamn. Kcenia er russisk, Nyslåttbuktmo fortel at ho kjem frå eit nybrot på norsk side i grenselandet. I romanane mine har eg alltid lagt vekt på å finna fram til uttrykksfulle namn. I Due og drone har vi for eksempel Olav Sima, «han kan rima». Og Dott Malstrøm og Kege Hege i VG. Når så Pøyken til Kcenia Nyslåttbuktmo skal ut på ei lang klassereise, passar det godt at hans nye føresette forkortar det lange etternamnet, gjer slåtteteigen om til eit slott og i staden kallar han for Nyslott, som i Newcastle eller Chateau Neuf.
-------
Kjartan Fløgstad debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968. Han studerte opprinneleg arkitektur ved Noregs Tekniske Høgskule i Trondheim, men skifta snart til litteratur- og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Fløgstad var ei tid industriarbeidar i heimbyen, og blei så «greaser» på eit norsk lasteskip i internasjonal fraktfart.
I si tid som sjømann reiste han i ulike delar av verda, spesielt i Latin-Amerika, og erfaringane frå dette enorme kontinentet skulle få ein vesentleg innverknad på forfattarskapen. Kjartan Fløgstad har skrive seksten romanar og ei lang rekke essaysamlingar, dikt, skodespel og biografiar. Han har mellom anna fått Aschehougprisen, Nordisk Råds litteraturpris, Kritikerprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen. I 2008 fekk han Brages hederspris. Kjartan Fløgstad er fødd i 1944 i Sauda og bur i dag i Oslo.



«Fedrenes misgjerninger» kåret til beste svenske krim 2021

Dagens gjest: Herbjørg Wassmo

Dagens gjest: Johan Harstad

Dagens gjest: Gunnar Staalesen

Dagens gjest: Lars Mytting

Høstens bøker fra Gyldenda Litteratur

Å reise uten å dra

Dagens gjest: Chris Tvedt

Dagens gjest: Ole Robert Sunde

"Longyearbyen" solgt til tre land

Utdrag fra Ellen Emmerentze Jervells roman «Bra kunst om menn»

Dagens gjest: Trude Marstein

Dagens gjest: Ingvild H. Rishøi.

Historiens halvt synlige søm

Utdrag fra romanen «Død og oppstandelse» av Bjørn Vatne

Utdrag fra Heidi Sævareids roman «Longyearbyen»

Pocketnytt i mai!

Utdrag fra "Faste rammer" av Halvard Hølleland
