Forfattaren bak meisterverka Fuglane og Is-slottet.

Tarjei Vesaas (1897–1970) er blant dei største norske diktarane i det tjuende hundreåret, og femti år etter han gjekk bort er han meir populær i utlandet enn nokon gong. Han skreiv både romanar, noveller, skodespel og dikt. I 1964 vart han som første nordmann tildelt Nordisk Råds litteraturpris.

Vesaas vart fødd på garden Vesaas i Vinje 20. august 1897. Han var den eldste av tre søner, og difor odelsgut. Men Vesaas avslørte snart at han ville gå ein annan veg; det var skrive han ville. Vinje var den faste bustaden hans gjennom heile livet, men han reiste mykje kring i Europa.

Etter eit år på Voss folkehøgskule og avtent verneplikt som gardist, byrja Vesaas i 1920 å skrive skisser, dikt og artiklar for lokale aviser. Året etter vann han førstepremien i ei vekebladtevling med eit prosadikt. Same året sende han ein roman til eit forlag, men den vart refusert. Oppmuntra vart han likevel; snart vann han førstepremien i ein novellekonkurranse (1922), og det skulle ikkje ta lang tid før han fekk gitt ut den første romanen sin, Menneskebonn (1923).

Etter Menneskebonn gav Vesaas ut åtte romanar, to skodespel, ei diktsamling og ei novellesamling, før han fekk eit gjennombrot med Det store spelet i 1934. Same året gifte han seg med lyrikaren Halldis Moren. Ekteparet slo seg ned på Midtbø, og året etter kom det første barnet, Olav.

Vesaas følgde godt med på moderne litteratur og teater, og fornya sjølv norsk prosadikting. Dei beste romanane sine skreiv han i sekstiårsalderen, som Fuglane, med den ugløymelege "tusten" Mattis, Is-slottet og den siste prosaboka Båten om kvelden. I sentrum av Vesaas' verker er gjerne menneske i møte med destruktive krefter i og utafor seg sjølv, det er eksistensielle kriser han oftast skildrar. Mellom hans mest kjende og verdsette bøker er også Kimen (1940), eit tett drama i eit lite øysamfunn og den første av Vesaas' store symbolromanar, og Huset i mørkret (1945), ein rein allegori over Noreg under krigen.

Vesaas debuterte seint som lyrikar, trass i at prosaen hans er full av lyriske element frå starten av. Samlinga Kjeldene kom ut i 1946, og etter kvart kom fem samlingar til, med ikoniske dikt som "Snø og granskog", "Regn i Hiroshima" og "Det ror og ror" - eit samla diktkorpus som står sentralt i den norske etterkrigslyrikken.

For novellesamlinga Vindane fekk han Veneziaprisen i 1953, og med det eit internasjonalt gjennombrot. I 1964 vart han som første nordmann tildelt Nordisk Råds litteraturpris, og for dei pengane oppretta han ein eigen pris – Tarjei Vesaas' debutantpris, som i dag har svært mykje å seie for nye forfattarar.

Bøkene til Vesaas er omsette til 32 språk.

Isslottet

Gyldendals bøker av og om Vesaas

Relaterte artikler

Sigbjørn Obstfelder

Sigbjørn Obstfelder

Sigbjørn Obstfelder ble bare 33 år gammel, men innehar likevel en viktig plass i norsk litteraturhistorie, som en...
Johan Borgen

Johan Borgen

Johan Borgens Lillelord-trilogi regnes som et av hovedverkene i etterkrigstidens norske prosadiktning.
Rolf Stenersen

Rolf Stenersen

Rolf Stenersen (1899-1978) var en mann med mange talenter og interesser: finansmann, idrettsmann, forfatter og...
Amalie Skram

Amalie Skram

Amalie Skram (1846–1905) levde et stormfullt liv, og først etter sin død ble hun priset som en av våre største...
Jonas Lie

Jonas Lie

Jonas Lie (1833–1908) hører til blant "De fire store" i Norge, sammen med Ibsen, Bjørnson og Kielland. Lie regnes...
Alexander L. Kielland

Alexander L. Kielland

Alexander Kielland (1849–1906) hører til "De fire store" i Norge, sammen med Ibsen, Bjørnson og Lie. Han var den...
Henrik Ibsen

Henrik Ibsen

Henrik Ibsen (1828–1906) hører til "De fire store" i Norge, sammen med Bjørnson, Kielland og Lie, men Ibsen er også...
Agnar Mykle

Agnar Mykle

Skaperen av Ask Burlefot. Myteomspunnet og kontroversiell. Mest kjent for sine sanselige romaner Lasso rundt fru...
Åsta Holth

Åsta Holth

Finnskogens store dikter, som i en serie historiske romaner skildrer skogfinnenes innvandring og dagligliv.
Sigurd Hoel

Sigurd Hoel

Kulturradikaleren Sigurd Hoel (1890–1960) var uten tvil en sterk kraft i norsk kulturliv, både gjennom bøkene og...
Johan Bojer

Johan Bojer

Johan Bojer (1872–1959) var en populær forfatter i sin samtid, både i Norge og utlandet. Han skrev både romaner,...
Cora Sandel

Cora Sandel

Cora Sandels Alberte-trilogi regnes som et av hovedverkene i moderne norsk litteratur.
Knut Hamsun

Knut Hamsun

Knut Hamsun (1859–1952) har hatt en enorm innflytelse på europeisk og amerikansk litteratur. I 1920 fikk han...
Bergljot Hobæk Haff

Bergljot Hobæk Haff

Bergljot Hobæk Haff ble født i Botne i Vestfold i 1925. Hun debuterte i 1956 med romanen Raset, og har siden skrevet...
Jens Bjørneboe

Jens Bjørneboe

Jens Bjørneboe: Lyriker, essayist, dramatiker, romanforfatter, kranglefant, pornograf og utrettelig bekjemper av...